Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Replikk · 28. mai 2026

SakInnstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Representantforslag frå stortingsrepresentantane Ole Herman Sveian og Kjersti Toppe om å gjennomføre ei ekstern evaluering av sjukehusplanar og sjukehusbygging i Noreg (Innst. 327 S (2025–2026), jf. Dokument 8:192 S (2025–2026))
Innlegget
Eg er litt bekymra når vi no skal byggje eit nytt, stort sjukehus ved Mjøsa. Personleg hadde eg nok heller sett at ein klarte å satse på to av dei, og vidareutvikle det. Eg trur det hadde tent regionen langt betre. Eg er likevel veldig bekymra for, ut frå det statsråden no seier, om vi kjem til å gjenta dei same feila. Korleis ser statsråden for seg at vi skal sikre at når vi byggjer nye bygg no, byggjer vi beredskap for personalet og pasientane på ein god måte? Kva nytt er det statsråden vil gjere, sånn at vi ikkje går i den same fella? For det er ikkje sånn at alt er fantastisk med nye bygningar. Ja, det er flott og fint, men problemet er at mange nesten ønskjer seg tilbake til det gamle, når ein ser korleis det blir bygd i dag.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat