Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 28. mai 2026

SakInnstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Seher Aydar og Marie Sneve Martinussen om å sikre pauserom for sykehusansatte (Innst. 324 S (2025–2026), jf. Dokument 8:199 S (2025–2026))
Innlegget
Pauserom i ei sjukehusavdeling er ingen luksus i lunsjen. Difor er eg glad for at vi får ei felles innstilling. Ein kan godt seie det er å slå inn opne dører. Det er det for så vidt i nokon grad, men likevel: Det viser jo at det den siste tida ikkje heilt har vore det, sjølv om eg håpar erkjenninga no har sokke inn både hos regjeringa og hos alle. Det er veldig viktig for miljøet i avdelinga å ha ein stad å samlast. Det sosiale limet og lagfølelsen betyr utruleg mykje for at ein skal jobbe mot eit felles mål, kjenne meining med det ein driv med, verkeleg gje den gode hjelpa som pasientane treng, og ikkje minst jobbe effektivt. Vi blir ikkje effektive av ikkje å snakke saman eller av å prøve å løpe så fort vi kan heile tida. Vi treng det sosiale, det å bli kjent og utveksle alt det vi ikkje trudde vi kunne seie, men som likevel gjer at vi jobbar betre saman. Debrifing og utlufting av frustrasjon i ein krevjande kvardag har også ein viktig funksjon. Ein skal ikkje tru at desse romma blir ståande ledige når det ikkje er behov for pausar. Det er sjeldan slik at det er nok samtalerom, nok ekstra arbeidsplassar osv., så når det ikkje trengst som pauserom, er det ikkje noko problem å få utnytta arealet likevel. Difor er det heilt feilslått slik ein har gjort det, og eg håpar det no er siste gong ein planlegg sjukehusbygg på den måten. Eg er glad for at dette blir teke opp. Vi i MDG støttar sjølvsagt heilhjarta den felles innstillinga som heile komiteen står bak.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat