Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 28. mai 2026

SakInnstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Marius Langballe Dalin og Siren Julianne Jensen om å oppnevne en uavhengig ekstern granskingskommisjon for Finmarkssykehuset HF (Innst. 326 S (2025–2026), jf. Dokument 8:203 S (2025–2026))
Innlegget
Pasientsikkerheit og tryggleiken til dei tilsette er to sider av same sak. Det er iallfall mi erfaring som mangeårig tillitsvald i helsevesenet. Utan trygge tilsette får vi heller ikkje trygg og god pasientbehandling. Over lengre tid har media og varslarar avdekt rystande forhold i Finnmarkssjukehuset. Det gjer sterkt inntrykk. Vi har lese om omfattande seksuell trakassering, maktmisbruk, uakseptabel behandling av lærlingar og grove brot på arbeidsmiljølova i ambulansetenesta. Nesten halvparten av varsla handlar om seksuell trakassering, og fleire er retta direkte mot overordna. Når sjukehuset si eiga leiing i etterkant innrømmer at det kan vere langt fleire hendingar, bekreftar dei samstundes det dei tilsette har ropt varsko om lenge: Ein destruktiv ukultur har fått etablere seg over tid, utan at styret eller leiinga har evna å gripe inn. Svikten stoppar diverre ikkje ved arbeidsmiljøet. Advokatfirmaet Hjort og uavhengige redaksjonar har dokumentert alvorlege økonomiske regelbrot, ulovlege direkteanskaffingar, kontraktsbrot og inhabilitet ved innleige av konsulentar. Det teiknar eit bilde av eit føretak utan moralsk kompass. Finnmark fylkesting har uttrykt djup bekymring og påpeiker med rette at lovbrota har blitt bagatellisert, medan staten som eigar har opptredd som ein passiv tilskodar. Dette handlar ikkje om enkeltståande episodar, dette er ein systemsvikt som i ytste konsekvens truar pasientsikkerheita og set liv og helse på spel. Som tillitsvald veit eg at tillit er ferskvare, og at han må byggjast nedanifrå. Skal vi gjenreise tilliten til Finnmarkssjukehuset, kan vi ikkje godta ei evaluering kjøpt og betalt av den same leiinga som har sete med ansvaret medan ukulturen har fått vekse. Stortinget har det overordna ansvaret for å sikre at statlege helseføretak blir drivne i tråd med lovar, reglar og etiske normer, og at grunnleggjande omsyn til pasientsikkerheit og tilsette blir ivaretatt. Når alvorlege forhold kjem til overflata, sånn som her, utan å bli tilstrekkeleg fanga opp eller handtert, må vi gripe inn. Difor krev vi ein ekstern gjennomgang av Finnmarkssjukehuset, heilt uavhengig av dagens leiing, så tilliten skal kunne gjenreisast. Det er det einaste som kan gje befolkninga i Finnmark den openheita dei har krav på, gje dei tilsette den tryggleiken dei fortener, og gjenreise tilliten til Finnmarkssjukehuset.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat