Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 28. mai 2026

Marthe Hammer
Marthe Hammer
Sosialistisk Venstreparti·Hordaland

SakInnstilling fra finanskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Tone Wilhelmsen Trøen, Haagen Poppe og Tage Pettersen om fastsettelse av provenyeffekt av fritak fra merverdiavgift på levende lyd og bilde (Innst. 259 S (2025–2026), jf. Dokument 8:244 S (2025–2026))

Innlegget

Eg tek ordet i denne saka for å opplyse om at SV kjem til å stemme for forslaget som no ligg til behandling, og ikkje mot, slik det står i innstillinga. Vi ønskjer å støtte ei utgreiing av eit plattformnøytralt fritak for meirverdiavgift for nyheitstenester, herunder provenyverknad og korleis fritaket kan avgrensast. Eg vil vise til innspelet frå Mediebedriftenes Landsforening til saka om at media har teke store steg for å tryggje samfunnsrolla si i møte med den digitale utviklinga, men at ein ikkje ville greidd det utan ein aktiv og brei politisk vilje til å lage føreseielege og framtidsretta rammer. Norske mediehus er verdsleiande i både digitalisering og brukarbetaling. I møte med aukande desinformasjon, påverknadsoperasjonar og svekt økonomisk berekraft må mediepolitikken gje gode, framtidsretta og føreseielege rammevilkår for å oppretthalde sterke redaktørstyrte media. I 2016 sørgde eit samla storting for at fritaket for aviser, som Noreg alltid har hatt, blei gjort teknologinøytralt. I 2019 blei fritaket for tidsskrifter også gjort teknologinøytralt, og fritaket blei igjen knytt til innhald. Det førte til eit frislepp av digital innovasjon. Resultatet er at Noreg er best i verda på digital brukarbetaling. Norske aviser har no nesten to millionar heildigitale abonnentar. Men med avviklinga av meirverdiavgiftslova § 6-2 i 2023 blei det endra, og ein har ingen garanti for at norske media klarer å bevare den samfunnsrolla og evna til å finansiere journalistikken på dagens nivå. Samfunnsrolla er under stort og aukande press. Brukarane sine vaner og forventningar endrar seg stadig raskare med auka krav til innovasjon og utvikling, og globale tekgigantar vinn stadig meir av folks tid. For å oppretthalde dekninga, må ein lykkast med å få langt fleire i aldersgruppa 30–50 år til å bli abonnentar, og det krev at mediehusa kan møte brukarane sine krav til både innhald og presentasjonsform, og bruk av levande bilde og lyd er sentralt for yngre mediebrukarar. Så for å oppretthalde og utvikle medias posisjon krevst det ein dyktig og innovativ bransje, men også aktiv politisk vilje, og momsfritak for media er det viktigaste mediepolitiske verkemiddelet for å stimulere til konsum og produksjon av redigert medieinnhald og fremje også norsk språk og kultur. Norske media har ein sterk stilling, noko som er avgjerande for at Noreg skal forbli eit tillitsbasert samfunn. Det står i sterk kontrast til den negative utviklinga vi ser i ei rekkje andre land, både i Europa og andre stader. Så ei plattformnøytral regulering av meirverdiavgifta vil gje redaktørstyrte media betre rammevilkår for å levere på samfunnsoppdraget og vil leggje til rette for eit berekraftig mediemangfald. Så oppsummert: SV støttar forslaget som vi meiner vil kunne skape eit godt beslutningsgrunnlag for å gå vidare med eit plattformnøytralt fritak for meirverdiavgift for nyheitstenester.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat