Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 28. mai 2026

SakInnstilling fra utdannings- og forskningskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Guri Melby, Abid Raja og Grunde Almeland om et langsiktig løft for bemanningen i norske barnehager (Innst. 299 S (2025–2026), jf. Dokument 8:263 S (2025–2026))
Innlegget
La meg starte med å seie at barnehagane er ein del av vårt viktigaste velferdstilbod, der ungar med ulik bakgrunn møter kvarandre i eit stort fellesskap, kanskje det største og første dei møter, og der dei får gode moglegheiter til å utvikle seg for framtida. Mykje er bra med barnehagane i Noreg. Vi har dyktige tilsette som kvar einaste dag bidreg til læring og utvikling hos ungane våre. Vi har samtidig fått ein historisk låg barnehagepris – takk vere SV, Senterpartiet og Arbeidarpartiet – som har ført til ei rekordhøg deltaking i norske barnehagar. Det er eg ganske stolt av. Samtidig står barnehagesektoren i ein vanskeleg situasjon med bemanningsutfordringar og ofte altfor høgt sjukefråvær. Det er alvorleg, og det må vi ta på alvor. Etter fjorårets raud-grøne budsjettforlik sikra vi difor 800 mill. kr til toppa bemanning. Vi har styrkt ABLU-ordninga, som gjev folk som allereie jobbar i barnehagen, moglegheit til å utdanne seg til å bli barnehagelærar. Vi løyvde òg midlar til å auke bemanninga i levekårsutsette område. Det blir gjort mykje bra, men det er heller inga kvilepute. Det å ha nok bemanning i barnehagane handlar om tryggleiken til barn, foreldre og dei tilsette som kvar dag går på jobb. Det å vite at ein har nok kollegaer på jobb saman med seg, har noko å seie. Det bidreg òg til eit betre arbeidsmiljø, på same måte som låg bemanning kan føre til både stort arbeidspress og høgt stressnivå, slik vi kjenner til. Barnehagane våre er vårt viktigaste velferdstilbod. Det må vi ta vare på og styrkje i tida framover. Difor vil eg takke Venstre for å løfte dette inn i Stortinget og setje eit viktig fokus på bemanningsutfordringane i barnehagane våre.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat