Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 28. mai 2026

Solveig Vestenfor
Solveig Vestenfor
Arbeiderpartiet·Buskerud

SakInnstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Endringer i integreringsloven (integreringserklæring) (Innst. 309 L (2025–2026), jf. Prop. 70 L (2025–2026))

Innlegget

Ja, me kan tenkja oss at me kjem til eit land som me ikkje kan mykje om – og alle ynskjer sjølvsagt å lykkast. Denne integreringserklæringa handlar om å tydeleggjera kva norske styresmakter forventar av dei som kjem hit til landet og deltek i introduksjonsprogrammet. Det handlar om forpliktingane deltakarane har til å ta del i arbeids- og samfunnsliv og verta sjølvforsørgde. Det handlar òg om å tydeleggjera at alle, uansett kjønn, har lik rett til utdanning, arbeid og deltaking i demokratiske prosessar, og at alle har rett å leva i fridom og tryggleik og bestemma over eige liv. Og så handlar det om å lyfta fram det ansvaret som følgjer med å vera foreldre i Noreg, og at brot på norsk lov sjølvsagt kan medføra straff. Så kjernen i dette handlar om den personlege fridomen, om sjølvbestemming og sjølvforsørging, om likestilling, om foreldreansvar og om straffansvar, som faktisk gjeld oss alle her i landet. Integreringserklæringa møter nye innbyggjarar med forventing og ansvar, men òg med deltaking og involvering. Det handlar om å ta vare på folk og dei moglegheitene folk har, og gje dei gode moglegheiter og rammer, og det handlar om forventing og deltaking. Og til Raudt: Det hadde ikkje plaga meg om eg kom til eit land der eg ikkje var kjent, å skulle skriva under på ei erklæring eg alltid var einig i, men viss det var framandt for meg, er det godt å få informasjonen. Det handlar om å vera trygg på dei verdiane eit land har, å vera kjent med både kva plikter og rettar me har i dette samfunnet. Då dette med integreringserklæringa vart kjent, då statsråd Stenseng lyfta dette fram i nyheitene, var imamen på Grønland veldig begeistra for forslaget. Det gjorde meg veldig trygg. Integreringserklæringa handlar om at det skal vera mogleg for alle å verta møtt med tillit og inkludering, og at ein skal få moglegheit til å leva eit godt liv, til å lykkast, til å bidra og til å vera ein ressurs, som me alle – heldigvis – veit at veldig, veldig mange er.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat