Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 28. mai 2026

SakInnstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Kirsti Bergstø, Andreas Sjalg Unneland, Audun Hammer Hovda, Marthe Hammer, Mirell Høyer-Berntsen, Ingrid Fiskaa, Marian Hussein, Lars Haltbrekken og Anne Lise Gjerstad Fredlund om en sosial boligpolitikk og et tryggere leiemarked (Innst. 275 S (2025–2026), jf. Dokument 8:221 S (2025–2026))
Innlegget
Bustadmarknaden i Noreg er i dag under press. I mange område ser me at bustad- og leigeprisane aukar langt raskare enn inntektene til folk flest. Samtidig finst det delar av landet der bustader taper verdi over tid. Dette viser at marknaden ikkje fungerer så godt som me skulle ynskja – det er ikkje god balanse mellom tilbod og etterspurnad. Me vil understreka at intensjonen bak forslaga som er lagde fram frå SV, er god. Me deler engasjementet for at fleire skal ha høve til ein trygg og rimeleg stad å bu, og for at bustadpolitikken må verta meir rettferdig og sosial. Samtidig meiner me at løysingane må vera treffsikre og tilpassa dei ulike utfordringane rundt om i landet. Eit raud-grønt fleirtal har allereie sett i verk viktige tiltak: Me har styrkt Husbanken, auka bustøtta og satsa på bygging av studentbustader. 2025 vart eit historisk godt år for studentbustadbygging, noko me meiner er eit viktig steg i riktig retning. Regjeringa har òg varsla ei ny husleigelov som skal styrkja rettane til leigetakarane. Når det gjeld representantforslaget, er me likevel i tvil om det er den rette vegen å gå. Me deler i stor grad vurderingane frå statsråden og meiner det er viktig å sjå dei ulike tiltaka i samanheng. Eit døme er forslaget om eit nasjonalt mål for dekningsgrad av studentbustader. Me forstår godt ynsket om å sikra betre tilgang, men er samtidig uroa for at eit slikt nasjonalt mål kan slå skeivt ut. Det kan føra til overbygging i område der behovet er lågt, og ikkje strekkja til der behovet faktisk er stort. Vidare meiner me det er rett å ta dei større grepa i samband med den varsla husleigelova. Når regjeringa snart legg fram eit heilskapleg forslag, gjev det eit betre grunnlag for å vurdera endringar samla, framfor stykkevis og delt. Når det gjeld ulovleg korttidsutleige, er dette ei utfordring me tek på alvor. Samtidig er det allereie sett i gang arbeid for å gjera det enklare for kommunane å regulera og handheva regelverket. Difor meiner me at det ikkje er nødvendig med eit eige oppmodingsvedtak no. Me ynskjer ein bustadpolitikk som leverer på det målet me deler med SV: at fleire skal kunna bu trygt og rimeleg. Då treng me verkemiddel som verkar godt i praksis, i heile landet. Arbeidarpartiet meiner likevel at vegen vidare ligg i målretta, kunnskapsbaserte tiltak – og i det arbeidet som alt er i gang.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat