Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 1. jun 2026

SakInnstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Endringer i utlendingsloven (saksbehandlingsregler for kollektiv beskyttelse) (Innst. 311 L (2025–2026), jf. Prop. 65 L (2025–2026))
Innlegget
Denne saka handlar om korleis me kan handtera ein ekstraordinær situasjon på ein mest mogleg effektiv og ansvarleg måte. Då krigen i Ukraina braut ut, innførte Noreg ordninga med kollektiv beskyttelse for å kunna behandla eit svært høgt antal saker raskt og effektivt. Det var riktig. Men om ordninga ein dag skal avviklast eller trappast ned, må me også ha eit regelverk som gjer at utlendingsforvaltninga faktisk klarar å handtera saksmengda. Forslaget som me behandlar i dag, bidreg til akkurat det. Framstegspartiet støttar difor forslaget om at det ikkje skal vera klagerett på avslag om forlenging av kollektiv beskyttelse. Det er viktig å understreka at dette ikkje betyr at personar mistar retten til individuell behandling av asylsøknaden sin, den retten består fullt ut, med ordinær klagerett og høve til domstolsprøving. Det me fjernar, er ein ekstra, unødvendig runde som ville vore svært ressurskrevjande og i praksis sjeldan føra fram, som fleire har vore inne på før meg. Skal me bruka avgrensa ressursar på symbolsk dobbeltbehandling eller på å behandla dei reelle asylsakene raskare? For Framstegspartiet er svaret ganske opplagt. Så til spørsmålet om arbeidsløyve. Framstegspartiet er tydeleg på at ordinære asylsøkjarar ikkje skal få arbeidsløyve før identiteten er avklart og søknaden behandla. Viss ikkje risikerer me å gjera Noreg meir attraktivt for personar utan reelt beskyttelsesbehov. Men denne saka gjeld ei heilt spesiell gruppe: personar frå Ukraina som allereie har fått kollektiv beskyttelse, som har kjend identitet, og som allereie kan vera i jobb og integrerte i samfunnet. Difor meiner me det er fornuftig å opna for at dei kan halda fram med å arbeida mens den individuelle asylsøknaden blir behandla. Det gjev meir stabilitet for den enkelte, og det er bra for norske arbeidsplassar som treng arbeidskraft. Framstegspartiet støttar difor lovforslaget, samtidig som me understrekar at dette unntaket ikkje må bli ei bakdør for å gje generelle arbeidsløyve til ordinære asylsøkjarar. I tillegg vil Framstegspartiet, i likskap med dei føregåande talarane, stemma imot det lause forslaget som MDG har sett fram.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat