Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 1. jun 2026

SakInnstilling fra familie- og kulturkomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Siren Julianne Jensen, Marius Langballe Dalin, Ingrid Liland, Margit Bye og Julie E. Stuestøl om å beskytte folk mot gjeldsfeller (Innst. 332 S (2025–2026), jf. Dokument 8:254 S (2025–2026))
Innlegget
Eg skal på vegner av Senterpartiet gjera greie for korleis vi vil stemma i denne saka. Vi sit ikkje i komiteen og er difor ikkje ein del av innstillinga. Eg vil rosa Miljøpartiet Dei Grøne for å ha fremja saka, for dette er eit veldig viktig tema som fortener å verta debattert i Stortinget, og som det er viktig at vi gjer noko med. Når det gjeld forslaget om innføring av eit komplett gjeldsregister, er ikkje det ein ny debatt i Stortinget. Det har vorte utvida dei siste åra, men det er fleire som ivrar for at ein skal utvida til også andre typar gjeld. Eg forstår veldig godt intensjonen og ønsket med det, men eg har samtidig stor respekt for at personvernopplysningane må vera sikra ved eit slikt komplett register. Eg tenkjer det er bra at departementet er grundig i dei vurderingane. Som nokre av partia skriv om i innstillinga, er det slik at bruken av gjeldsopplysningar har endra karakter. At ein gjer gjeldsopplysningar tilgjengeleg for kommersielle aktørar på ein heilt annan måte enn før, er ikkje uvanleg. Da vert det slik at dei kommersielle selskapa har veldig mykje gjeldsinformasjon om privatpersonar, og det kan bety risiko for både spreiing og misbruk. At den trenden vert vurdert når vi skal ha reglar for dette, tenkjer eg er utruleg viktig. Ein bør òg vurdera korleis formålet med lova kan verta litt annleis enn før, for å få inn forbrukarperspektivet. Så til forslaget og debatten om ein skal innføra rente- og kostnadstak på all forbrukargjeld. Også her deler vi veldig sterkt intensjonen med forslaget, men meiner likevel at det å vedta det gjennom eit Dokument 8-forslag over bordet er litt som å kortslutta prosessen, for departementet viser til at dette er saker som er på gang. Vi kjem til å støtta forslaget frå Arbeidarpartiet, som er tydeleg på at dette skal vurderast som ledd i gjennomføringa av det nye forbrukarkredittdirektivet i norsk rett. Vi støttar òg fleire av dei andre forslaga, men vil altså venta på at dette vert lagt fram frå regjeringa si side.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat