Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 2. jun 2026

SakInnstilling fra transport- og kommunikasjonskomiteen om lov om infrastruktur for alternativt drivstoff (Innst. 350 L (2025–2026), jf. Prop. 71 LS (2025–2026))
Innlegget
Eg hadde eigentleg ikkje tenkt å ta ordet, men eg vert så – eg må vel passe litt på superlativa her, men eg kan seie – provosert, når eg høyrer at det er om å gjere å kome seg til EU, det er om å gjere å dilte etter EØS, og det er om å gjere for Høgre å dilte etter Arbeidarpartiet i dette kravet om at Brussel skal styre det meste. Kva er grunnlaget for at vi skal gje frå oss suvereniteten til å bestemme sjølve kvar vi ønskjer ladeinfrastrukturen vår? På bilvegar, i hamner og i samband med luftfart i framtida ønskjer eg at vi skal ha styring på dette sjølve. Kva er grunnlaget for at vi skal la EØS og EU styre avstandane vi skal ha mellom ladestasjonane, korleis dei skal utformast, og korleis dette skal vere? Det begrip eg ikkje. Og eg må seie at eg vert vitskremd av å sjå iveren i denne salen etter at Brussel og alle andre i Europa skal styre, og ikkje denne salen. Eit vondt minne: vår eigen finansminister som truar oss med at vi gjer ulovlege vedtak i denne salen når vi vil setje ned avgiftene. Om dei set opp avgiftene til himmels, spelar det inga rolle, då kan regjeringa auke avgiftene i hytt og vêr. Men å setje ned desse avgiftene – nei, då dreg ein fram EØS-avtalen og EU som skal styre oss. Og då skal det verte sånn, når vi kjem litt fram i tid, at vi skal ha ladestasjonar i Geiranger. Det finst ikkje ein tøddel straum i Geiranger. Det kostar ein milliard å få straum til Geiranger, og eg vil sjå at Høgre i lag med Arbeidarpartiet sørgjer for å få straum til Geiranger så vi får ladestraum til ladestasjonar i alle delar av Noreg – som er komplett umogleg å finansiere. Men eg er heilt sikker på at den fyrste som går på talarstolen her for å hindre at det vert den ladeinfrastrukturen, det er Høgre. For kven er det som skal betale dette? Det ligg jo ikkje på Austlandet, og då kan ein ikkje få det ute i distrikta. Her er det altså, i mitt hovud, kortslutning med tanke på at vi skal gje frå oss denne suvereniteten til EØS og EU. Det er grunnen til at eg er mot dette. Kva vert det neste der Høgre har tenkt å dilte etter Arbeidarpartiet i iveren etter å kome seg til EØS og til EU? Eg er glad i Noreg, eg er glad i denne salen, og eg er glad i at det er eit norsk demokrati som skal styre Noreg. Eg vil ikkje sende dette til EØS eller EU. Vi burde ha kome oss vekk frå den iveren etter å springe etter EU for lenge, lenge sidan.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat