Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 2. jun 2026

Frank Edvard Sve
Frank Edvard Sve
Fremskrittspartiet·Møre og Romsdal

SakInnstilling fra transport- og kommunikasjonskomiteen om lov om infrastruktur for alternativt drivstoff (Innst. 350 L (2025–2026), jf. Prop. 71 LS (2025–2026))

Innlegget

Vi har vore for EØS-avtalen, men utgangspunktet er at det skal kome ei heilt ny forordning, og vi skal innlemme enda meir i avtalen. Det er denne salen som heile tida skal ta stilling til kva vi skal innlemme i EØS-avtalen og i samarbeidet med EU, og det eg stiller spørsmål ved, er at vi stadig skal gjere enda meir. Så må eg ærleg innrømme éin ting: Eg sat ikkje her på Stortinget då desse direktiva vart innførte, som representanten Blikra og andre sa. Eg forheld meg til at det er meiningar i denne salen og i vårt parti om det som skjer rundt dette. Eg må berre minne om at vår eigen finansminister har prøvd å bruke EØS-avtalen mot oss når det gjaldt å kunne setje ned drivstoffavgiftene, som det etter Grunnlova § 75 ligg til denne salen å fastsetje. Men vi vart altså truga med at det var eit ulovleg vedtak, og det er EØS-avtalen som vert brukt mot oss. Ja, då er det kanskje på tide at vi begynner å sjå på denne EØS-avtalen, om det verkeleg er slik at vi vert låste i denne salen på område som vi meiner vi ikkje skal låsast på. Vi støttar EØS-avtalen, han er viktig for næringslivet på mange måtar, men det er ikkje riktig å gje frå seg all makt vidare og innlemme enda meir i den avtalen og putte enda meir inn i same greia – iallfall ikkje viss vi skal gje frå oss suverenitet. Ja, Høgre har støtta oss i ein god del distriktssaker, det er eg klar over. Men det er iallfall slik at viss vi skal innlemme denne forordninga og stå bak eit krav i denne proposisjonen om at det skal vere maksimumsavstandar mellom ladestasjonar, det skal vere krav til ladestasjonar i hamner og masse annan infrastruktur – då fordrar det ein del. Det står igjen å sjå om alle partia er like høge og mørke, når det skal finansierast ladestasjonar på kvart nes i heile Noreg utan å bruke sunn fornuft oppi det heile. Så det er litt av grunnlaget. Vi er eit parti som ønskjer å leggje til rette for alle typar drivstoff. Då ønskjer vi også å leggje til rette for billig drivstoff når det gjeld bensin og diesel, og ikkje berre krevje ladestasjonar, som i mange samanhengar vil koste ekstremt mykje pengar. Det er det rimeleg klart at vi er nøydde til å forhalde oss til. Når ein ser på denne iveren etter at alt skal elektrifiserast, verkar det som om ein ikkje har tenkt på at dette landet ser ut slik som det gjer. Det er faktisk ikkje mogleg å elektrifisere alt, når det gjeld både buss og anna. I mitt eige fylke måtte vi ha hybridbussar. Det er ikkje mogleg å ha elbussar over alt – så enkelt er det. Så lukke til med å få ladestasjonar på kvart nes. Det skal verte interessant å følgje, og spesielt interessant skal det verte å følgje Høgre si finansiering av dette.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat