Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 2. jun 2026

SakInnstilling fra transport- og kommunikasjonskomiteen om lov om infrastruktur for alternativt drivstoff (Innst. 350 L (2025–2026), jf. Prop. 71 LS (2025–2026))
Innlegget
Det er no eingong slik at det ikkje er alle direktiv som er heilt ute å køyre. Det er mange som har bra intensjonar, og som kan støttast. Det er veldig interessant å høyre på debatten her no, spesielt på representanten Frank Edvard Sve, som no tilsynelatande fortel at FrP meiner at EØS-avtalen skapar så store hindringar at partiet har endra syn på den. Så det er noko nytt i salen i dag, og det er greitt å ha med seg. Vi i Senterpartiet har stått på linja heile vegen. Direktiv som er fornuftige, og som vil vere fornuftige å gjennomføre, er vi for, men vi er veldig opptekne av at makta skal liggje i denne salen. Det har jo vore mange saker i denne perioden der vår minister har peikt på problematiseringar rundt EØS-avtalen, og direktiv og lovverk som då skal overstyre Stortingets avgjerdsrett, og det er vi i Senterpartiet svært skeptiske til. Vi meiner at det er denne salen som skal bestemme. I dette direktivet og det som ligg her i dag, er det mykje som er uklart i bestemmingane til enkelte forordningar, altså dette med nasjonale tilpassingar, som Statens vegvesen dreg fram her. Difor er vi i Senterpartiet utruleg skeptiske til å skulle gå blindt på eit sånt direktiv. Vi har då landa på at vi ønskjer å støtte FrP i denne saka, om å sende saka tilbake på nytt, og å få ein ny gjennomgang. Vi er òg veldig for det som ligg her no, det at ein skal få bygd ut infrastruktur langs viktige riksveg- og europavegnett og få på plass infrastruktur i heile nasjonen vår, for det er viktig når vi skal nå våre målsettingar. Der har vi gjort ein god jobb i Noreg, og vi skal fortsetje den, og der kan det sjå ut som at denne salen greier å ta slike kloke avgjersler på eige initiativ.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat