Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 2. jun 2026

Geir Inge Lien
Geir Inge Lien
Senterpartiet·Møre og Romsdal

SakInnstilling fra transport- og kommunikasjonskomiteen om Finansiering av vegprosjektet fv. 17 Ørnes–Glomfjord i Meløy kommune i Nordland fylke (Innst. 363 S (2025–2026), jf. Prop. 85 S (2025–2026))

Innlegget

Fylkesveg 17 mellom Ørnes og Glomfjord i Meløy kommune er eit viktig samferdselsprosjekt for ein region som er avhengig av gode og trygge transportårer både for folk og for næringsliv. Dagens veg er prega av låg standard. Han er smal, svingete og fleire plassar utsett for ras, med krevjande kurvatur og dårleg sikt. Samtidig veit vi at dette ikkje berre er ei utfordring for framkomelegheita. Det er òg eit spørsmål om trafikksikkerheit. I perioden 2014–2023 er det registrert 15 ulykker på strekninga, i hovudsak utforkøyringar og møteulykker. Dette prosjektet handlar difor om å løyse konkrete og kjende problem. Med ny trasé, tunnelløysingar, betre kurvatur, breiddeutviding og rassikring vil vegen få ein standard som er betre tilpassa trafikkgrunnlaget. Samtidig vert det lagt til rette for myke trafikantar, noko som særleg er viktig i område med skuleveg og lokal ferdsel. For Senterpartiet er det avgjerande at vi prioriterer trygg ferdsel i heile landet. Folk skal kunne føle seg trygge på vegen, anten dei er pendlarar, køyrer tungtransport eller ferdast til fots eller på sykkel. Det er òg verdt å understreke at fv. 17 er ei sentral transportåre langs kysten. Utbetringar vil bidra til betre framkomelegheit, kortare reisetid og styrkt samankopling av lokalsamfunna i Meløy. Det vil òg gjere det lettare å få verdiskapinga i regionen fram til marknaden. Senterpartiet er tilfreds med at det ligg føre lokalpolitisk tilslutning til prosjektet og finansieringsopplegget. Dette er tiltak som er forankra der behova er størst, og som svarar på konkrete utfordringar i kvardagen til folk og næringsliv. Senterpartiet stemmer difor for innstillinga og ønskjer prosjektet lykke til.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat