Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 2. jun 2026

SakInnstilling fra næringskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Trygve Slagsvold Vedum, Bent-Joachim Bentzen og Geir Pollestad om et statlig mineralselskap, Representantforslag fra stortingsrepresentantene Une Bastholm, Ingrid Liland og Frøya Skjold Sjursæther om å øke verdiskaping og gjenvinning i mineralnæringen og Representantforslag fra stortingsrepresentantene Bård Ludvig Thorheim, Kari Sofie Bjørnsen, Helene Røsholt og Mathias Willassen Hanssen om å realisere Fensfeltet
Innlegget
Senterpartiet er oppteke av å utnytta Noregs store mineralressursar. Me treng mineral, og me treng det for å ikkje vera for avhengige av import. Me treng å ha nasjonal kontroll over ressursane, og me treng eit system som sikrar fellesskapet og lokalsamfunna ein del av verdiskapinga. Trass i mykje undersøking har me ikkje full oversikt over kva for og kor mykje mineral og jordartar me har. Det er mykje. Magnetitt, hematitt, ilmenitt, parisitt, donalditt og apatitt er berre noko av det me har funne, eller kan finna, i grunnen vår. For Senterpartiet har det vore viktig å få på plass eit statleg mineralselskap som kan delta aktivt i denne næringsverksemda. Det vedtaket som Stortinget gjer i dag, meiner me er eit stort steg nærmare dette. Det er viktig, for det vil gje oss innsikt og moglegheit til å påverka prosessar. Det vil sikra oss nasjonal kontroll, og det vil gje fellesskapet ein del av verdiskapinga. Litt forenkla – om ein går tilbake til då olja vart funnen: Kva er det Senterpartiet ser føre seg? Ser me føre oss eit Statoil, eit Equinor? Nei, det gjer me ikkje. Me ser føre oss eit Petoro som er til stades, som har meiningar, men som ikkje står for sjølve jobben sjølv. Om me framleis held oss til då Noreg vart ein oljenasjon: Då var det nettopp ein politisk debatt om kva ein skulle velja. Skulle ein satsa på regulering åleine, eller skulle ein òg gå inn for eigarskap? Høgresida, med Høgre og FrP, peikte på at me måtte ha regulering, me trong ikkje at staten var inne med eigarskap. Det ville gjeve oss mindre kontroll. Når me diskuterer dette med olja og kven som gjorde kva til kva tid, vert det frå høgresida ofte peikt på at det er lenge sidan. No ser me likevel at dei gjer akkurat den same feilen igjen. Ein har klokkartru på reguleringssporet. Senterpartiet meiner at det ikkje er nok, og at me òg treng eigarskap inn i dette. Til sjuande og sist handlar det både om verdiskapinga og ikkje minst om kven som skal få og ta del i dei verdiane som vert vunne ut.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat