Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Replikk · 2. jun 2026

SakInnstilling frå næringskomiteen om Endringer i støtteprosessloven (gjennomføring av revidert prosedyreforordning) (Innst. 341 L (2025–2026), jf. Prop. 87 LS (2025–2026))
Innlegget
Dette handlar om respekten vi som politikarar har for Grunnlova, og det er kjernen i dette. I Nationen frå 26. mai las eg statssekretæren i Næringsdepartementet sitt syn på dette. Det gjorde meg svært uroleg. Og det treng ein ikkje verken å vera jurist eller å ha gått folkeskulen for å bli uroleg av, for statssekretæren seier: «Forslaget er lite inngripende. ESA får kun den samme myndigheten som Norge allerede har (…)» Viss dette er analysen som vert lagd til grunn for kva som er lite inngripande – altså, staten Noreg har rett til å ta eigedomen frå folk, staten Noreg har rett til å setja folk i fengsel. Er det eit prinsipp som statsråden er einig i, at forslaget er lite inngripande så lenge staten Noreg har lov til å gjera det same som ein gjev ESA lov til å gjera?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat