Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 2. jun 2026

Geir Pollestad
Geir Pollestad
Senterpartiet·Rogaland

SakInnstilling frå næringskomiteen om Endringer i støtteprosessloven (gjennomføring av revidert prosedyreforordning) (Innst. 341 L (2025–2026), jf. Prop. 87 LS (2025–2026))

Innlegget

No opplever eg at næringsministeren gjev feil informasjon. Dette handlar om å innhenta informasjon. Viss ein les på side 33 i proposisjonen, der overtredingsgebyr vert omtala, skriv jo departementet sjølv at dette har eit «pønalt tilsnitt», det vil seia at det har eit straffeelement i seg. Då er det veldig rart at ein meiner at dette er lite inngripande. Ein skal altså kunna gje millionar av kroner i bøter til norske bedrifter, og regjeringa seier det er lite inngripande. Men det som kanskje er aller verst med dette, er at regjeringa har venta i meir enn ti år – det er kor lenge denne saka har lege. Det i seg sjølv tilseier at dette er ein inngripande sak. Kvifor kan ein ikkje bruka nokre månader ekstra på å få denne avklaringa frå Høgsterett? Det er mitt spørsmål er. Kvifor kan ein ikkje venta nokre månader, når ein først har brukt ti år, for å vera sikker på at dette er i tråd med Grunnlova, som trass alt det norske demokratiet kviler på?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat