Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 2. jun 2026

Geir Pollestad
Geir Pollestad
Senterpartiet·Rogaland

SakInnstilling frå næringskomiteen om Endringer i støtteprosessloven (gjennomføring av revidert prosedyreforordning) (Innst. 341 L (2025–2026), jf. Prop. 87 LS (2025–2026))

Innlegget

Eg stilte eit spørsmål som det overhovudet ikkje vart svart på. Mitt spørsmål var: Kvifor grip ikkje Arbeidarpartiet moglegheita til å ta seg tid til å få avklart det grunnlovsmessige i denne saka? Det er nemleg ikkje så klokkeklart som ein påstår. I 2014 gjorde lovavdelinga ei vurdering som var det motsette av det regjeringa legg til grunn no. Eg har vanskar med å sjå at ACER-saka og jernbaneutgreiinga er identiske saker. Sakene er tvert imot annleis. Statsråden klarte heller ikkje å svara på kva det er som gjer at desse sakene tilseier ei likebehandling. Då er spørsmålet: Når ein har brukt over ti år, kvifor kan ein ikkje ta seg tid til å sjekka ut med Høgsterett før ein gjer dette? Så spørsmålet mitt er: Kva slags konsekvensar vil det ha for Noreg som stat og for innbyggjarane i Noreg viss ein ventar eit halvår med å vedta denne forordninga?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat