Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 2. jun 2026

Geir Pollestad
Geir Pollestad
Senterpartiet·Rogaland

SakInnstilling frå næringskomiteen om Endringer i støtteprosessloven (gjennomføring av revidert prosedyreforordning) (Innst. 341 L (2025–2026), jf. Prop. 87 LS (2025–2026))

Innlegget

Det er om lag to veker sidan at me feira nasjonaldagen og Grunnlova vår, og sidan folk gjekk i tog i heile Noreg for å slå fast at i Noreg er det Noreg som bestemmer, og at det i Noreg er Grunnlova som ligg til grunn for demokratiet vårt. I Grunnlova står det òg at viss ein skal gje frå seg suverenitet, trengst det tre fjerdedels fleirtal på Stortinget. Det er det som står i Grunnlova vår. Det kan ikkje byråkratar i verken næringsdepartementet eller Justis- og beredskapsdepartementet eller politikarar i regjeringa og Arbeidarpartiet ha nokon som helst rett til å setja til side. Eg vert ganske opprørt når eg i Nationen den 26. mai kan lesa at statssekretær Ragnhild Sjoner Syrstad i Nærings- og fiskeridepartementet, på vegner av næringsministeren, seier at dette er det same som Noreg kan gjera, og difor må òg ESA kunne gjera det. Det er ikkje eit godt prinsipp å tenkja at EU kan bestemma det som Noreg kan bestemma, for i Noreg har Noreg moglegheit til å gjera svært mykje, og det ønskjer me ikkje – og Grunnlova opnar heller ikkje for det – at ESA eller EU kan gjera. I den vurderinga som departementet har levert, trekkjer ein inn ACER-saka og jernbaneutgreiinga. Ingen av dei kan samanliknast med denne saka. Dette er ikkje ei sak om informasjonsplikt og om å innhenta informasjon. Dette er ei sak om å bøtleggja norske bedrifter. Viss ein f.eks. skulle koma til at avgiftsvedtaket om diesel er ulovleg, skal altså ESA ha moglegheit til å gå etter bedrifter i heile Noreg, fyrst for å få informasjon, så for å gje dei bøter viss dei ikkje vil gje informasjon, og så for å straffa dei viss dei har gjort noko galt. Det er feil politikk. Eg mistenkjer at Arbeidarpartiet gjer dette for å skapa god stemning i Brussel. Det er det som gjer at direktiv som har lege lenge, og som har vore vanskelege for Noreg, no plutseleg vert ekspedert igjennom i rekordfart. Men gjev dette den ønskte effekten? Nei, og det såg me i ferrolegeringssaka: Å lempa inn direktiv og å ha pubkveldar i Brussel hjelpte ikkje. Noreg fekk ein finger i auget av EU. Mi store bekymring er at den passive haldninga til EU som Arbeidarpartiet har, har gjort Noreg til pusekatten i nord, ein pusekatt som godtek alt. Senterpartiet meiner at politikken vår og demokratiet vårt må byggja på Grunnlova.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat