Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 2. jun 2026

SakInnstilling frå næringskomiteen om Endringer i støtteprosessloven (gjennomføring av revidert prosedyreforordning) (Innst. 341 L (2025–2026), jf. Prop. 87 LS (2025–2026))
Innlegget
Eit svar til det siste innlegget frå statsråden: Sjølvsagt skal regjeringa lytta til lovavdelinga, og i proposisjonen på side 31 står det om den vurderinga som vart gjort i 2014: «Lovavdelingen viste til at det kan være svært vanskelig å fastslå gjeldende statsrett på dette området, selv om praksis i samanliknbare tilfeller kan gi en viss veiledning.» På den same sida skriv lovavdelinga òg om situasjonen no, i den uttalen som dei gav 12. november 2025: «(...) det er dermed fortsatt krevende å angi med sikkerhet hvor grensene går for hva som utgjør «lite inngripende» myndighetsoverføring.» Det er jo ikkje ein skråsikker uttale frå lovavdelinga som ligg her. Vidare meiner eg – og med rette, trur eg – at det er Stortinget si oppgåve å passa på Grunnlova. No er ikkje dette ei sak som ligg i regjering. Dette er ei sak som partia på Stortinget skal ta stilling til. Eg både registrerer og reagerer litt på innlegget frå representanten Vitanza, som seier at nei, me skal vera forsiktige med kva me sysselset Høgsterett med, all den tid det står i Grunnlova § 83 at det er mogleg å innhenta ein uttale frå regjeringa. Det er det Senterpartiet og eit fleirtal – nei eit så stort mindretal som det kan vera på Stortinget – har bedt om i dag, og som altså Arbeidarpartiet enkelt vel å overhøyra. Dette er ei sak som ein har brukt over ti år på å implementera. Det me ber om, er nokre månader for å få sikkerheit om at me ikkje bryt Grunnlova. Dette handlar ikkje om ein diskusjon for eller mot EØS. Dette handlar om ein diskusjon om å ha respekt for Grunnlova vår. Det er det me oppfordrar både Arbeidarpartiet, Høgre og MDG til å ta seg tid til – å ha respekt for det mindretalsvernet som ligg i det. Og spesielt i ei sak der Stortinget vel å køyra over mindretalsomsynet, burde ein ha veldig låg terskel for å bruka den rettsgarantien som ligg i å nytta § 83 i Grunnlova, og få ei vurdering av Høgsterett. Så vil Høgsterett koma med si vurdering. Ja, den vil Senterpartiet respektera. Det kan framleis vera at me er ueinige i saka, men då diskuterer me iallfall for eller mot saka – ikkje om regjeringa og fleirtalspartia bryt Grunnlova eller ikkje.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat