Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 2. jun 2026

SakInnstilling fra næringskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Harry Valderhaug, Ida Lindtveit Røse og Jorunn Gleditsch Lossius om besøksbidrag som et fast beløp (Innst. 433 L (2025–2026), jf. Dokument 8:269 L (2025–2026))
Innlegget
Våren 2025 var Senterpartiet i forhandlingar med ei rekkje parti om lov om besøksbidrag. Me vart einige om lova som er vedtatt. Den står me ved. Fleire forhold var viktige for Senterpartiet å få inn, både å få ut campingplassar og anna. Det aller viktigaste var at dette skulle vera avgrensa til område med særleg stor belasting, og det held me fast ved. Det ligg i lova. Eg har fått førespurnad om denne saka frå ei rekkje byar, svært mange byar som definitivt ikkje oppfyller kravet om særleg stor belastning. Det kjem berre til å vera nokre få regionar i Noreg som innfrir dette. Me skal ikkje ha eit generelt besøksbidrag i Noreg. Senterpartiet er opptatt av at nokre av dei byane som ønskjer å ha ei form for besøksbidrag, vil ha ei særleg stor belastning knytt til overnatting. Andre vil ikkje ha ei særleg stor belastning knytt til overnattingsturisme, men derimot frå cruiseturisme. Då er det viktig for Senterpartiet at framdrifta i saka om cruiseavgift haldast oppe, og at ein sjølvsagt gjev rutegåande fartøy unntak frå det. I land som har eit fast beløp, veit me at det ofte er ei differensiering av dei faste beløpa. Prinsipielt meiner Senterpartiet det er mest rettferdig å knyta det til ein prosentsats, der eit dyrt hotellrom har ein noko høgare sats enn eit billig hotellrom. Så merkar me oss innspelet frå næringslivet, eit næringsliv som for så vidt var ganske godt fornøgd våren 2025 med det me hadde vorte einige om – ønsket om å ha eit fast beløp. Eg meiner det er viktig at dette vert vurdert i den evalueringa som skal gjerast av ordninga. Men i dag er me mest opptatt av at dette vert innført på ein skikkeleg måte, i tråd med intensjonen i lova, at cruiseavgift også kjem på plass. Me kjem difor til å stemma mot KrF sitt forslag.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat