Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 2. jun 2026

SakInnstilling fra næringskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Trygve Slagsvold Vedum, Bent-Joachim Bentzen og Geir Pollestad om et statlig mineralselskap, Representantforslag fra stortingsrepresentantene Une Bastholm, Ingrid Liland og Frøya Skjold Sjursæther om å øke verdiskaping og gjenvinning i mineralnæringen og Representantforslag fra stortingsrepresentantene Bård Ludvig Thorheim, Kari Sofie Bjørnsen, Helene Røsholt og Mathias Willassen Hanssen om å realisere Fensfeltet
Innlegget
Alle i salen her er vel einige om ein ting, og det er at Noreg treng meir mineralutvinning. Europa treng kritiske mineral. Forsvarsindustrien treng kritiske mineral. Den grøne omstillinga treng kritiske mineral. Spørsmålet er ikkje om vi treng dei. Spørsmålet er om vi faktisk klarer å få dei opp av bakken. Der er eg ikkje så imponert over regjeringa sin innsats til no. Samstundes som regjeringa snakkar om strategiske mineral, beredskap og redusert avhengigheit av Kina, møter næringa lange prosessar, uklare tidslinjer og stadig nye utgreiingar. Vi treng ikkje først og fremst fleire utgreiingar. Vi treng meir handling. Fensfeltet i Telemark er kanskje Europas viktigaste førekomst av sjeldne jordartar. Det er ei historisk moglegheit for Noreg, ei moglegheit til å skape arbeidsplassar, byggje industri og styrkje forsyningstryggleiken for våre europeiske allierte. Då held det ikkje å behandle prosjekt som om dei var ei heilt vanleg reguleringssak. Det må prioriterast. Difor meiner KrF at utviklinga av Fensfeltet må få status som eit nasjonalt prioritert prosjekt, med rask framdrift, nødvendige løyve og avklaringar. For geopolitikken ventar ikkje. Samstundes ser vi forslag om eit statleg mineralselskap. Eg meiner det er å starte i feil ende. Utfordringa i norsk mineralnæring er ikkje mangel på stat. Noreg har allereie nasjonal kontroll gjennom konsesjonssystemet, tryggingslova og den nye minerallova. Vi treng ikkje eit nytt statleg selskap for å fortelje oss at mineral er viktig. Vi treng rammevilkår som gjer at prosjekta faktisk blir realiserte. Det er private aktørar som skal investere milliardane, og dei skal ta risikoen. Å sørgje for føreseielege vilkår, rask saksbehandling og gode rammevilkår er det som staten må gjere. Samstundes må vi gjere to ting på ein gong. Vi må utvinne meir og gjenvinne meir. Verdas behov for mineral kan ikkje dekkjast av gjenvinning aleine. Difor støttar KrF både auka utvinning og utvikling av sirkulære verdikjeder. Det handlar også om Europa. KrF meiner Noreg må vere ein del av det europeiske samarbeidet om kritiske råmateriale. Difor må CRMA inn i EØS-avtalen innan 2026. Det gjev norske prosjekt tilgang til kapital, marknad og status for strategiske prosjekt i Europa. Det styrkjer både norsk industri og europeisk tryggleik. KrF ønskjer ein mineralpolitikk som kombinerer nasjonal kontroll med privat verdiskaping. Vi ønskjer raskare prosessar og at Noreg skal ha ei leiande rolle i dei vesentlege verdikjedene for kritiske mineral. Men då må vi slutte å diskutere nye statlege selskap og byrje å diskutere korleis vi faktisk skal få prosjekt gjennom systemet.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat