Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 2. jun 2026

Harry Valderhaug
Harry Valderhaug
Kristelig Folkeparti·Møre og Romsdal

SakInnstilling frå næringskomiteen om Endringer i støtteprosessloven (gjennomføring av revidert prosedyreforordning) (Innst. 341 L (2025–2026), jf. Prop. 87 LS (2025–2026))

Innlegget

Denne saka handlar om at ESA skal kunne be om informasjon frå norske bedrifter når det gjeld statsstøtteregelverket i EØS. I ytste konsekvens skal ESA kunne bøteleggje norske bedrifter dersom dei ikkje oppgjev informasjon ESA har bedt om. Regjeringa har prøvd å oppnå at ei nasjonal myndigheit skal vere sanksjonsmyndigheit, men ein har ikkje nådd fram. NHO ønskjer ordninga velkomen av omsyn til likebehandling i den indre marknaden. Dette høyrest kanskje ganske tilforlateleg ut, men reint konstitusjonelt er det usikkerheiter. Når ESA skal vere sanksjonsmyndigheit overfor norske bedrifter, og ikkje eit nasjonalt organ, er det eit spørsmål om dette er ei form for suverenitetsoverføring som er lite inngripande eller ikkje. Difor vil KrF stemme for forslaget om å be Høgsterett om å vurdere dette spørsmålet, og gå mot forslaget om å tilslutning før ei slik vurdering ligg føre. Subsidiært vil vi støtte til at saka vert behandla etter § 115 i Grunnlova, fordi det er tvil om det er eit suverenitetsspørsmål. Samtidig vil eg åtvare Senterpartiet og Framstegspartiet om å gå etter ei reforhandling av EØS-avtalen. EØS-avtalen har tent Noreg svært godt, og gjev oss full marknadstilgang til dei viktigaste marknadene våre, nemleg den indre marknaden til EØS. Bedrifter over heile landet er avhengige av denne marknadsadgangen. EØS-avtalen gjev oss ikkje minst viktige unntak på område der vi har andre interesser enn EU, som i fiskeri- og landbrukspolitikken. Ei reforhandling av EØS-avtalen ville vere å spele russisk rulett med distrikta fordi ei ny avtale neppe vil gjeve så store og gode unntak for fiskeria våre og landbruket vårt som vi har i EØS i dag. Kvifor vil Senterpartiet og FrP risikere ein ny avtale som kan truge eksistensgrunnlaget for fiskeri og landbruk? Det synest eg er vanskeleg å forstå.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Harry Valderhaug (Kristelig Folkeparti) — Innlegg · 2. jun 2026 — OverStortinget