Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 2. jun 2026

SakInnstilling fra næringskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Harry Valderhaug, Ida Lindtveit Røse og Jorunn Gleditsch Lossius om besøksbidrag som et fast beløp (Innst. 433 L (2025–2026), jf. Dokument 8:269 L (2025–2026))
Innlegget
Når dei som faktisk driv hotell i Noreg, gir eit tydeleg og samstemt signal, skal vi lytte. For svaret er tydeleg: Næringa ber om at ein ikkje lagar kompliserte modellar. Dei ber om éin ting: eit fast beløp per gjest per natt. Det er det forslaget frå KrF handlar om. Høyringa om besøksbidragslova gav ei nesten unison tilbakemelding frå bransjen: fastbeløp. Det gjeld hotella, det gjeld operatørane som sel pakkereiser til Noreg, dei som konkurrerer internasjonalt om gjestane våre kvar einaste dag. Det same svaret kom i høyringa om forskrifta, frå Fellesforbundet, NHO Reiseliv, Virke og Innovasjon Norge. Alle tilrår fastbeløp. Kva gjer regjeringa? Dei lyttar ikkje til dette. Det er paradoksalt, for Nærings- og fiskeridepartementet framhevar sjølv at brukar betalar-prinsippet tilseier fast beløp per person. Menon Economics skriv det same: Flat sats er betre i samsvar med føremålet med lova. Kvart besøk bidreg like mykje, same kva rommet kostar. Det er ikkje berre prinsipielt, det også praktisk. Ein prosentsats krev ombygging av rekneskapssystem, og det kostar tid og pengar. Eit fastbeløp er lett å innføre. Fleirtalet kallar dette ein omkamp. Det er ikkje det, det er ei forbetring, og det burde vere eit mål også for fleirtalet. Regjeringa føreslår sjølv fast beløp i cruiseavgifta, dei føreslår det i Longyearbyen. Då er det vanskeleg å forstå kvifor ein insisterer på ein prosentsats på fastlandet. Fleirtalet er bekymra for forseinkinga, men det kan ein unngå. Regjeringa brukte seks vekers høyring sist, det kan gjerast igjen. Hadde ein lytta til næringa frå starten, hadde vi ikkje vore her i dag. Eit fast beløp er også meir rettferdig. Det betyr at Airbnb-gjesten og hotellgjesten betalar likt per person per natt. Føremålet med lova er å finansiere fellesgode, ikkje differensiere etter rompris. KrF støttar besøksbidrag, men då må ein forme det ut rett. Det blir feil å innføre noko som i praksis kjem til å fungere dårleg berre fordi regjeringa hadde dårleg tid. Då er det betre å forme det ut rett frå byrjinga. KrF ber Stortinget lytte til dei som kvar dag møter gjestane ansikt til ansikt – då må vi ha eit fast beløp per gjest per natt. Eg tar opp forslaget til KrF.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat