Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 2. jun 2026

SakInnstilling fra næringskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Trygve Slagsvold Vedum, Bent-Joachim Bentzen og Geir Pollestad om et statlig mineralselskap, Representantforslag fra stortingsrepresentantene Une Bastholm, Ingrid Liland og Frøya Skjold Sjursæther om å øke verdiskaping og gjenvinning i mineralnæringen og Representantforslag fra stortingsrepresentantene Bård Ludvig Thorheim, Kari Sofie Bjørnsen, Helene Røsholt og Mathias Willassen Hanssen om å realisere Fensfeltet
Innlegget
I dag tek me eit nødvendig steg vidare for å sikra nasjonal kontroll og demokratisk styring over naturressursane våre. Det raud-grøne fleirtalet går saman for å få på plass ei utgreiing av og forslag om eit statleg mineralselskap. Det er på høg tid, meiner me i SV. Å utvinna mineral og andre rike naturressursar er ikkje i seg sjølv oppskrifta på velstand og velferd – snarare tvert imot, viss me ser på erfaringar med gruvedrift rundt om i verda. Dei fleste område med denne typen ressursar er eksempel på det me kallar ressursforbanninga, nemleg at rike naturressursar gjer det meir sannsynleg at folket lever i fattigdom, med ekstreme forskjellar, stor korrupsjon og væpna konfliktar. Noreg er ikkje resten av verda, tenkjer me. Nei, Noreg er eitt av unntaka frå denne regelen, og det er fordi me har teke kloke val i fellesskap tidlegare i historia, i utbygginga av vasskrafta, i forvaltninga av fisken og då me starta å henta opp olje. Ressursane skulle vera eigedomen til folket, forvaltninga skulle koma fellesskapet til gode, og lokalsamfunna skulle sjå positive ringverknader. Spørsmålet me no må stilla oss, er om me skal læra av våre eigne gode erfaringar, eller kopiera dei mange feila andre har gjort – om Noreg skal bli ein reindyrka råvareeksportør, med store naturinngrep og få positive ringverknader, eller om me skal sikra at mineralutvinninga skjer innanfor strenge miljøkrav, at inntektene kjem fellesskapet til gode, og at det blir utvikla lokale industriarbeidsplassar med fast arbeid. Eit statleg mineralselskap er ikkje svaret på alle desse utfordringane, men det er ei nødvendig brikke i ein breiare politikk der samfunnsnytte veg tyngre enn kortsiktig gevinst for nokre få enkeltpersonar. Om mineralutvinning skal bli til gevinst og ikkje ei ulempe for fellesskapet og lokalsamfunna, er ikkje hastverk og utanlandsk, privat eigarskap vegen å gå. For SV er det òg avgjerande å minimera naturinngrepa. Det betyr å prioritera gjenvinning og resirkulering framfor ny mineralutvinning, det betyr underjordsdrift i plassen for opne dagbrot, og det betyr å avgrensa bruken av deponi og å ha eit utvinningstempo som gjev moglegheit for å nytta restmassane fullt ut. Med det tek eg opp dei resterande forslaga SV er med på.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat