Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 2. jun 2026

SakInnstilling frå næringskomiteen om Samtykke til ratifikasjon av frihandelsavtale mellom EFTA-statene og MERCOSUR av 16. september 2025 (Innst. 406 S (2025–2026), jf. Prop. 46 S (2025–2026))
Innlegget
Ingrid Fiskaa (SV) [12:12:11] (ordførar for saka): Eg vil starta med å takka komiteen for samarbeidet. Dette er ein avtale som det er blitt brukt lang tid på å koma i hamn med, og når han no er framforhandla og Stortinget skal ta stilling til ratifisering, er det òg ulike syn i Stortinget og i komiteen på akkurat det spørsmålet. Eg skal bruka resten av tida mi til å seia noko om kva syn SV har på handelsavtalen med MERCOSUR-landa. Dei krisene som er i dag, krev etter SV si meining at me må tenkja nytt om handel. Denne avtalen og andre liknande frihandelsavtalar tek oss i motsett retning av den vegen me bør gå. Desse avtalane fangar oss i eit utdatert system med lange forsyningskjeder som gjer oss sårbare. I staden burde me styrkja nasjonal og lokal matberedskap, og det må òg då sikrast gjennom handelspolitikken. Den frihandelsavtalen Stortinget skal ta stilling til no, mellom EFTA- og MERCOSUR-landa – altså Argentina, Uruguay, Paraguay og Brasil – er sivilsamfunn, fagbevegelse og bønder på begge sider av Atlanterhavet kritiske til. Det er det gode grunnar til. Den avtalen me sit igjen med i dag, reflekterer ei anna verkelegheit enn den som var for 25 år sidan, då forhandlingane starta. Me står midt oppe i ei akselererande global oppvarming og krigar som trugar globale forsyningskjeder og sender energiprisane i veret. Då er det behov for ein handelspolitikk som tek dette inn over seg, og me gjer ikkje det ved å binda oss til lange verdikjeder og å leggja betre til rette for import av mat og korn produsert i Sør-Amerika, og ved å binda søramerikanske bønder til råvareeksport og avhengnad av gjødsel og maskiner frå Europa. Norsk handelspolitikk må òg sest i samanheng med andre mål, som å redusera klimautslepp og å få til ein betre utviklingspolitikk. Då er det eit paradoks at samtidig som Noreg bruker milliardar på å hindra avskoging av Amazonas, vil denne handelsavtalen bidra til å utvida det storindustrielle landbruket i MERCOSUR-landa, som er hovudårsaka til avskoginga i Amazonas. Etter SV si meining er det ein veikskap med denne avtalen at dei elles gode formuleringane om berekraft ikkje er juridisk bindande. Me støttar ikkje avtalen slik han er no, og me føreslår i plassen ei konsekvensutgreiing. Me fremjar òg forslag om oppfølging av avtalen, og at nye avtalar skal bli betre. Med det tek eg opp forslaga SV er med på.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat