Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 2. jun 2026

Ingrid Fiskaa
Ingrid Fiskaa
Sosialistisk Venstreparti·Rogaland

SakInnstilling frå næringskomiteen om Samtykke til ratifikasjon av frihandelsavtale mellom EFTA-statene og MERCOSUR av 16. september 2025 (Innst. 406 S (2025–2026), jf. Prop. 46 S (2025–2026))

Innlegget

Innlegget mitt er vel kanskje meir å rekna som ein replikk på den føregåande talaren, nemleg representanten Trond Giske, som meiner at når statsleiarane på den andre sida av forhandlingsbordet går god for ein avtale, skal me òg automatisk godta ein framforhandla avtale. Eg tenkjer at me som er på Stortinget, bør vera trena og i stand til å kunna ta stilling til politisk ueinigheit og interessemotsetjingar, ikkje berre i Noreg – sjølv om det jo òg angår denne frihandelsavtalen – men òg i andre land. Kva slags interesser er det denne avtalen tener i MERCOSUR-landa? Kven i MERCOSUR-landa er det som tener på avskoging, som tener på storindustrielt landbruk som er innretta på eksport? Det er jo ikkje vanlege folk, og særleg ikkje dei folka som bur i desse områda. Kven er det som taper? Jo, det er småbønder, det er urfolk, og det er gode grunnar til at nettopp desse gruppene, saman med miljøforkjemparar, er imot MERCOSUR-avtalen. Det tenkjer eg det bør vera mogleg for oss her i Noreg òg å ta stilling til.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat