Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 2. jun 2026

Ingrid Fiskaa
Ingrid Fiskaa
Sosialistisk Venstreparti·Rogaland

SakInnstilling frå næringskomiteen om Samtykke til ratifikasjon av frihandelsavtale mellom EFTA-statene og MERCOSUR av 16. september 2025 (Innst. 406 S (2025–2026), jf. Prop. 46 S (2025–2026))

Innlegget

Denne debatten ber ganske stort preg av, meiner eg, stråmannsargumentasjon frå motsett side. Verken Raudt, som det blei oppklart i stad, eller SV er imot å handla med andre land, og me er heller ikkje imot handelsavtalar. Spørsmålet me skal ta stilling til i denne konkrete frihandelsavtalen og i liknande avtalar, er kva slags handelsmønster og handelsavtalar me skal ha. Spørsmålet er bl.a. om me skal gjera både oss sjølve og andre meir avhengige av eit industrielt landbruk som er basert på avskoging i verdas lunge, nemleg Amazonas. Dette er spørsmål som me her på Stortinget bør vera i stand til å ta stilling til. Og når denne avtalen ikkje eingong er konsekvensutgreidd, meiner SV at me tek stilling på eit for tynt grunnlag. Så ønskjer eg velkomen viss det er fleire som vil ta del i debatten – på eit seinare tidspunkt, eventuelt – om kva slags handelsavtalar Noreg bør framforhandla framover. Får SV oppfylt våre ønske, vil det vera handelsavtalar som gjev eit mykje større handlingsrom både for oss sjølve og våre motpartar når me forhandlar fram desse avtalane, til å utforma politikken – ikkje til å innsnevra det politiske og demokratiske handlingsrommet, sånn som dessverre veldig mange av dagens frihandelsavtalar gjer.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Ingrid Fiskaa (Sosialistisk Venstreparti) — Innlegg · 2. jun 2026 — OverStortinget