Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 2. jun 2026

Ingrid Fiskaa
Ingrid Fiskaa
Sosialistisk Venstreparti·Rogaland

SakInnstilling frå næringskomiteen om Endringer i støtteprosessloven (gjennomføring av revidert prosedyreforordning) (Innst. 341 L (2025–2026), jf. Prop. 87 LS (2025–2026))

Innlegget

Ingrid Fiskaa (SV) [12:58:59] (ordførar for sakene): Denne debatten handlar om to saker som heng nøye saman. Det er for det første samtykke til å innlemma EUs reviderte prosedyreforordning om statsstøtte, og det er for det andre forslag til endringar i støtteprosesslova som ein konsekvens av denne prosedyreforordninga. Allereie ved ordet prosedyreforordning har vel dei fleste logga av og sovna, men etter SV si meining er dette ei veldig viktig sak med potensielt store negative konsekvensar for samfunnet vårt. Spørsmålet om statsstøtte er jo ikkje eit lite spørsmål. Striden om avgiftslette på drivstoff var ei stor politisk sak nyleg, der spørsmålet om ESA ville godta avgjerda eller ikkje var, og er, eit sentralt element. Partia som i dag går imot prosedyreforordninga, hadde ulike syn på om avgiftslette på drivstoff var ei klok prioritering der og då, men me står saman i spørsmålet om at dette er noko me skal bestemma i det norske demokratiet, ikkje at me skal bli overstyrte av EU. Ei anna aktuell sak om statsstøtte der EU truar ikkje berre demokratiet, men sentrale norske interesser, er tilskotsordning for sysselsetjing av sjøfolk. Statsstøttereglane i EU kan føra til at norske skip og norske sjøfolk blir historie. Me har òg ei rekkje andre saker om norske bedrifter og arbeidsplassar som står i fare fordi EU ikkje vil at dei skal favoriserast gjennom demokratiske vedtak. Dette er sentrale spørsmål for norsk politikk og samfunnsutvikling, og då er òg prosedyrane for statsstøtte viktig. Denne saka handlar om me skal overføra makt frå Noreg til EU, ESA og EFTA-domstolen i dei prosessane. Blant anna er det spørsmål om me skal gje ESA makt til å gje bøter til norske verksemder og bedrifter, inkludert kommunar og fylkeskommunar. For SV betyr forordninga og lovendringa ei uakseptabel suverenitetsavståing. Makta til å innhenta opplysningar, ikkje minst det å vedta økonomiske sanksjonar for norske føretak, bør liggja utelukkande hos norske styresmakter. Me har merka oss at dette opphavleg var standpunktet til regjeringa, men at det blei avvist av EU. SV føreslår difor å avvisa lovforslaget. Me føreslår òg – i lag med fleire andre parti – å behandla saka etter § 115 i Grunnlova, om tre fjerdedels fleirtal. SV er òg medforslagsstillar til det lause forslaget som har blitt lagt fram i dag, om å be Høgsterett om ei vurdering av dette. Med det tek eg opp forslaga nr. 1 og 2.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat