Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 2. jun 2026

Ingrid Fiskaa
Ingrid Fiskaa
Sosialistisk Venstreparti·Rogaland

SakInnstilling frå næringskomiteen om Endringer i støtteprosessloven (gjennomføring av revidert prosedyreforordning) (Innst. 341 L (2025–2026), jf. Prop. 87 LS (2025–2026))

Innlegget

Eg skal òg takka for debatten. Eg trur denne debatten dessverre må fortsetja, for det ser ikkje ut til at me får eit fleirtal i dag for å avvisa denne forordninga, heller ikkje for å be Høgsterett om ei vurdering. No er det antakeleg ein sjanse til å tenkja seg om til voteringa i morgon, så me får sjå. Først til argumentet om at dette berre er ei gladsak, fordi det vil effektivisera saksbehandlinga. Då er det eit paradoks at eit av dei partia som talar for denne lovendringa, sjølv har brukt moglegheita til å klaga til ESA. Det gjorde MDG i 2020 då dei klaga oljeskattepakka inn til ESA for brot på statsstøttereglane. Det vil ikkje vera mogleg om ein gjer slike endringar. Denne saka handlar i botn og grunn om maktoverføring og suverenitetsavståing. Då er spørsmålet: Kor stor er denne? Fleirtalet i komiteen argumenterer no med at det er lite inngripande, for det er det lovavdelinga seier. Lovavdelinga har òg skifta meining. Grunnen til at dei har skifta meining, er at Stortingets fleirtal i fleire andre saker har vurdert slike spørsmål som lite inngripande, altså er det ein rein sirkelargumentasjon som viser tilbake på stortingsfleirtalets eigen praksis. Spørsmålet om kva som er lovleg eller ulovleg statsstøtte, er ikkje eit lite spørsmål. I dag ligg den definisjonsmakta i stor grad hos ESA, og regjeringa viser i dag lita, skal eg seia, evne eller vilje til å vera ueinig med ESA, òg når det står store norske interesser på spel, f.eks. i saka om tilskotsordninga for sysselsetjing av sjøfolk. Med den endringa som ligg i prosedyreforordninga, flyttar ein i tillegg makta av handhevinga av desse prosessane vekk frå Det norske storting og regjering og over til ESA. Eg merkar meg til slutt at det blir argumentert med at det har aldri skjedd at ein frå EU si side har bøtlagt. Vel, det argumenterte ein òg med før EØS-avtalen blei inngått i spørsmålet om konkurransesaker. Fasit ser me i dag. Det er gjeve store bøter frå ESA til norske bedrifter, og spørsmålet er: Kva tid ser med det same når det gjeld statsstøttereglane?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat