Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 2. jun 2026

SakInnstilling frå næringskomiteen om Samtykke til ratifikasjon av frihandelsavtale mellom EFTA-statene og MERCOSUR av 16. september 2025 (Innst. 406 S (2025–2026), jf. Prop. 46 S (2025–2026))
Innlegget
Målet med frihandelsavtalen med MERCOSUR-landa er å stimulere til auka samhandel og økonomisk samarbeid, samtidig som handelsforholdet blir utvikla på ein måte som ivaretek norske interesser, som f.eks. berekraftig utvikling. Handelen mellom Noreg og Mercosur-landa var på nær 48 mrd. kr i 2024, og ein vesentlege del av dette er med Brasil. Vi importerer hovudsakleg aluminiumoksid, fiskefôr og soyabønner, og eksporterer varer innan offshore og maritim sektor, gjødsel, sjømat og IKT til fordel for og for økonomisk utvikling for begge partar. Den siste tida har internasjonale rammer rundt handel blitt mindre føreseielege, med nye tollbarrierar, og handelsvilkår blir brukte som geopolitiske verktøy. Noregs bilaterale handelsavtalar gjev difor eit vesentleg bidrag til tryggare rammer og føreseielegheit for norske bedrifter som satsar på internasjonal handel. Stabile og langsiktige avtalar er viktige for å sikre eksportbedriftene våre marknadsadgang og konkurransedyktige vilkår i utlandet. Handel og kontakt med land rundt om i verda kan også bidra til større stabilitet og bidra til utvikling på andre område, som f.eks. menneskerettar, demokrati og levekår, men ikkje minst økonomisk vekst som gagnar alle involverte. Handelsavtalen med Mercosur-landa er eit eksempel på korleis Noreg kan føre ein uavhengig handelspolitikk tilpassa eigne interesser. FrP vil understreke at denne typen avtalar føreset nasjonal råderett over handelspolitikken, og at avtalen viser styrken som ligg i EFTA-samarbeidet, korleis Noreg kan forhandle fram løysingar som er tilpassa norske behov, og styrken i å stå utanfor ramma av EUs handelspolitikk.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat