Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 3. jun 2026

Kjersti Toppe
Kjersti Toppe
Senterpartiet·Hordaland

SakInnstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Endringar i brukerromsloven og helse- og omsorgstjenesteloven (målgruppe, driftsavtale og unntak frå krava til brukarromlokala) (Innst. 339 L (2025–2026), jf. Prop. 50 L (2025–2026))

Innlegget

Kjersti Toppe (Sp) [12:57:03] (leiar i komiteen): Senterpartiet støttar fleire av endringane som vert føreslåtte i brukarromslova og helse- og omsorgstenestelova. Vi støttar forslaget om at kommunane kan inngå avtalar med private om drift av brukarrom, men vi ønskjer at dette vert avgrensa til ideelle tilbydarar. Vi støttar ikkje endringane i helse- og omsorgstenestelova om at rådgivande eining for russaker ikkje lenger skal kunna gjennomføra ruskontroll. Det kjem av at Senterpartiet ikkje støttar denne endringa i behandlinga av rusreforma. Det er positivt med forenklingar i lovverket slik at dei kommunane som ønskjer å oppretta brukarrom, lettare skal kunna gjera det. For Senterpartiet er det viktig å slå ring om at brukarrom må vera ei kommunal oppgåve, og at det er kommunane som må vurdera om dette er rett prioritering i sin kommune. Når det no vert mogleg å få unntak frå krava som er til brukarrom, er det viktig for oss, slik vi òg har skrive i merknadene, at eventuelle unntak frå krava til lokala ikkje må gå på kostnad av sikkerheit, tilsyn eller forsvarlegheit, eller at brukarrom ikkje vert utvikla til enklare og meir tilgjengelege lågterskeltilbod utan tilstrekkeleg helsefagleg oppfølging. For Senterpartiet er det ikkje eit mål i seg sjølv at fleire personar skal få tilgang til brukarrom, men at dei personane som treng det og har behov for det, får ein slik tilgang. Vi reagerer difor noko på endringane i formålsparagrafen som regjeringa føreslår. Det vert føreslått at gjeldande formålsparagraf vert endra frå å vera tilbod til personar med «langvarig narkotikaavhengighet», til at brukarane skal vera personar med «helseskadelig og risikofylt bruk av narkotika». Eg vil visa til at bl.a. Norsk Sykepleierforbund i sitt høyringssvar meiner det vil vera nødvendig med ei konsekvensutgreiing knytt til ei slik endring av lovformuleringa, og Senterpartiet er eining med Sykepleierforbundet i at det er viktig at brukarromsordninga ikkje vert ein arena for å debutera som brukar. Senterpartiet er med på forslag saman med FrP om ein alternativ formålsparagraf, om at brukarromsordninga skal bidra til auka verdigheit for menneske med langvarig narkotikaavhengigheit, ved å tilby hygieniske rammer for inntak av narkotika og motivera for mest mogleg skånsamt inntak. Forslaga er tatt opp.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat