Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 3. jun 2026

SakInnstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Endringar i pasient- og brukerrettighetsloven mv. (rett til å ha med andre personar når det blir gitt helse- og omsorgstenester) (Innst. 344 L (2025–2026), jf. Prop. 53 L (2025–2026))
Innlegget
Det er veldig viktig at pasientar er trygge i møte med helsetenestene, og det å kunna ha med seg ein person i møte med helsetenestene er bra for pasienten, men òg bra for dei som skal gi helsehjelp. I dette lovforslaget vert det føreslått å heimla i lov at alle har rett til å ha med seg ein sjølvvald støtteperson når det vert ytt helse- og omsorgstenester. Forslaget er ikkje avgrensa til å omhandla svangerskap, fødsel og barsel, som det opphavlege forslaget frå Stortinget omhandla, men gjeld for alle pasientar, både på sjukehus og i kommunane. Vi støttar dette lovforslaget. Vi støttar at det vert gjort generelt, sjølv om det òg har sine utfordringar. For å vera tydeleg: Det er forskjell på ikkje å ha med seg ein partnar inn ved ein blindtarmoperasjon og å ikkje ha med seg ein partnar inn på fødestua eller på barselavdelinga. Så eg meiner at vi må vere ærlege på at forslaget har nokre viktige avgrensingar, som heldigvis òg regjeringa skriv om i merknader til forslaget. Retten til å ha med seg ein person gjeld ikkje i alle delar av eit pasientforløp. Ein vaksen person får ikkje no ein generell rett til å ha med seg inn ein pårørande eller andre som kan overnatta saman med pasienten. Det same gjeld støttepersonar til pasientar i sjukeheimar og brukarar av kommunale bustader. Retten gjeld det å vera til stades når helse- og omsorgstenester vert gitt, altså i sjølve behandlingssituasjonen. Allereie i dag står det i lova at ein skal sikra medverknad for pasientar og pårørande, og mitt inntrykk er at ein i helsetenesta stort sett gjer det ein kan for å kunna imøtekoma ønska til både pasientane og dei pårørande. Erfaringane frå pandemien var derimot tydelege. I tillegg til avgrensingar på fødeavdelingane var det òg avgrensingar ved livets slutt. Det var pasientar som døydde utan at det var pårørande til stades. Eg er veldig glad for at regjeringa i dette lovforslaget presiserer i merknader at denne retten gjeld rundt livets slutt. Det er ein veldig viktig verdi i helsetenestene våre. Det er òg viktig å presisera barn har eigne rettar til å ha foreldre til stades under heile behandlingsforløpet, noko eg meiner er veldig viktig. Som bl.a. Kreftforeininga har sagt i eit innspel, er det grunn til å stilla spørsmål om ikkje vi no bør revidera heile pasient- og brukarrettslovgivinga, for å rydda opp og for at pasientrettane skal vera enkle å forstå og enkle å etterleva i tenestene. Senterpartiet vil støtta dette lovforslaget.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat