Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Replikk · 3. jun 2026

SakInnstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Endringar i pasient- og brukerrettighetsloven mv. (rett til å ha med andre personar når det blir gitt helse- og omsorgstenester) (Innst. 344 L (2025–2026), jf. Prop. 53 L (2025–2026))
Innlegget
«Det er vondt å se alle tårene, fortvilelsen og sinnet mange nybakte mødre helt forståelig uttrykker når vi forteller […] at partnerne ikke får være der sammen med dem […]» Dette er ikkje eit sitat frå pandemien, dette er eit sitat her og no frå sjukehuset i Stavanger. Det er frå eit oppslag i Stavanger Aftenblad om at sjukehuset har så få barselrom at barselkvinner ikkje får ha partnaren hos seg, og at dei må liggja på dobbeltrom. Eg meiner det er forskjell på å ha ein støtteperson med seg under fødsel og barsel enn under f.eks. ein kirurgisk operasjon. Og eg synest det er eit paradoks at det i dag, når vi vedtek forsterka rettar, er kvinner som opplever at ein vert avvist i ønsket om å ha med seg støtteperson. Kva vil statsråden seia til desse kvinnene i dag?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat