Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Replikk · 3. jun 2026

SakInnstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Endringar i pasient- og brukerrettighetsloven mv. (rett til å ha med andre personar når det blir gitt helse- og omsorgstenester) (Innst. 344 L (2025–2026), jf. Prop. 53 L (2025–2026))
Innlegget
Det er sjølvsagt veldig viktig at ein får vera med på fødselen. Eg meiner òg at er det eitt opphald der det er særs viktig at ein ordnar det slik at ein partnar kan vera med, så er det under barseltida, spesielt for førstegongsfødande. Det meiner eg er heilt vesentleg for å gje desse familiane ein god og trygg start. Når vi byggjer heilt nye sjukehus, tenkjer eg at det vel må føra til nokre refleksjonar at ein i Stavanger må ta i bruk sengeplassar på gynekologisk avdeling. I Bergen skjer eigentleg det same – der må ein ta i bruk sengeplassar som var meinte til palliativ avdeling. Det er noko med at ein vedtek rettar, men så gir bygga hindringar i å gi det som er barselkvinna sine rettar, som no og vert lovfesta.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat