Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 3. jun 2026

Kjersti Toppe
Kjersti Toppe
Senterpartiet·Hordaland

SakInnstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Endringar i pasient- og brukerrettighetsloven mv. (rett til å ha med andre personar når det blir gitt helse- og omsorgstenester) (Innst. 344 L (2025–2026), jf. Prop. 53 L (2025–2026))

Innlegget

Eg skal ikkje dra dette veldig langt, men eg meiner at ein òg må ta ansvar for måten ein byggjer sjukehus på i dag. Det er greitt nok at det vil kunna løysa seg ved å la det gå utover andre pasientgrupper, men når ein byggjer sjukehusbygg der ein planlegg at hovudregelen er at dei fødande skal heim etter 48 timar, og at fleirgongsfødande i hovudregelen skal heim kl. 12 dagen etterpå – dette står i artikkelen – set det jo visse avgrensingar opp mot ein rett som vi vedtar i dag. Utgangspunktet for Stortingets vedtak var jo nettopp fødsels- og barselomsorga, og så er det regjeringa som har utvida det til alle. Det er jo i fødsels- og barselomsorga i alle fall vi vil følgja med på at den retten no må vera til stades, i alle fall for førstegongsfødande. Er ikkje statsråden einig i det?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat