Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 3. jun 2026

SakInnstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Endringar i brukerromsloven og helse- og omsorgstjenesteloven (målgruppe, driftsavtale og unntak frå krava til brukarromlokala) (Innst. 339 L (2025–2026), jf. Prop. 50 L (2025–2026))
Innlegget
Meininga med brukarrom er først og fremst å hindre overdosedødsfall og unødig helseskade av rusmiddelmisbruk. Det er ingen tvil om at narkotikabruk er skadeleg uansett kva for bruk – uansett kor lenge ein bruker det, eller kva ein bruker. I den forbindelsen er det interessant å høyre at FrP så tydeleg seier dette. Dei har kanskje gløymt at medisinsk sett er også alkohol narkotika, det er ikkje nokon klare skiljelinjer. Det er som sagt interessant. Dette er også riktig for alkohol, uansett mengde er også det helseskadeleg. Vi støttar varmt justeringane som ligg i dette lovforslaget. Vi meiner at brukarrommet skal vere for alle som driv helseskadeleg og risikofylt åtferd, for det skal verne også dei som har vore kort tid inne i rusmiddelmisbruk. Vi er ikkje redde for at dette blir eit festlokale for alle som driv rekreasjonell bruk. Det skal det ikkje vere, og det blir det heller ikkje med dette forslaget – tvert imot. Nå lagar vi det tryggare for fleire. Det er også viktig at alle administrasjonsformer kjem inn. Overdosar skil seg heller ikkje ut ved korleis ein brukar middelet, men tvert imot om kor mykje ein brukar, kva ein kombinerer, og resultatet av det. Vi støttar også at ideelle aktørar er dei som kan brukast ut over at kommunen sjølv kan organisere dette, framfor kommersielle. Vi meiner at dette ikkje er eit område der kommersielle bør innførast som viktige aktørar. Vi støttar heile forslaget slik det ligg føre.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat