Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 3. jun 2026

Marius Langballe Dalin
Marius Langballe Dalin
Miljøpartiet De Grønne·Sogn og Fjordane

SakInnstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Endringar i pasient- og brukerrettighetsloven mv. (rett til å ha med andre personar når det blir gitt helse- og omsorgstenester) (Innst. 344 L (2025–2026), jf. Prop. 53 L (2025–2026))

Innlegget

I min praksis i helsetenestene opplever eg det berre som positivt at ein har med seg pårørande, av mange grunnar. Som eg pleier å seie til pasientane: Det er bra å ha med seg eit par ekstra sett med øyrer. Det gjer at ein hugsar betre det som har blitt sagt, og vi slepp å informere dobbelt. Vi har erfaring med at det i nærmast 99 pst. av tilfella er eit kjempegodt samarbeid med pårørande, og det skulle berre mangle. Dette gir tryggleik for pasientane, og i dei fleste tilfella sparer det oss for arbeid, det er ikkje motsett. Eg er kritisk til å lage for mange rettar, men her er det ein openberr rett som er i tråd med god praksis i helsevesenet. Men vi har sett eksempel på kor dette ikkje har fungert. Difor er det flott at vi får eit lovforslag som faktisk ryddar opp i det, set nokon grenser for kva helsevesenet kan tillate seg å nekte pasientar, og samtidig set nokon avgrensingar for kor det faktisk er nødvendig å skjerme. Som kirurg har eg ikkje alltid gode erfaringar med å ha pårørande til stades i ei operasjonsstue, for det har eg hatt, og eg har sett fleire som har svimt av. Det er ikkje alltid like gøy. Plutseleg har ein ein ekstra pasient, og så forsvinn sjukepleiarane for å ta seg av den nye pasienten. Så det er bra dette har ein avgrensing. Dette forslaget, sånn som det ligg føre no, er jo eigentleg riktig og god omsorg og ei viktig presisering og opprydding i den praksisen som har vore. Vi skal følgje nøye med på korleis denne retten fungerer for både helsearbeidarane, dei pårørande og ikkje minst for hovudpersonen sjølv, nemleg pasienten.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat