Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 4. jun 2026

Erling Sande
Erling Sande
Senterpartiet·Sogn og Fjordane

SakInnstilling fra utdannings- og forskningskomiteen om Endringer i privatskolelova (vilkår for godkjenning av skoler på grunnlag av livssyn) (Innst. 372 L (2025–2026), jf. Prop. 42 L (2025–2026))

Innlegget

Senterpartiet har alltid meint at det er bra for samfunnet og bra for den norske skulen at det er mogleg å etablere private skular som er basert på alternativ pedagogikk eller er livssynsbaserte, som eit alternativ til den offentlege fellesskapsskulen. Då er det òg viktig å ta vare på legitimiteten i godkjenningsgrunnlaget for livssynsskular. Vi har tidlegare i denne salen diskutert instruksen frå desember 2024 og uttrykt skepsis til korleis departementet vurderte behovskartlegginga ved oppretting av ein skule basert på livssyn, og vi ønskjer heller ikkje ei innstramming som avskjer reelle skuleinitiativ. Senterpartiet har òg vore kritiske til høyringsforslaget fordi det blir urimeleg å krevje at initiativtakarar skal gjere greie for sitt eige livssyn eller kartleggje livssynet til moglege elevar. Proposisjonen frå regjeringa som er framlagt no, er eit stort steg i rett retning. Frå Senterpartiets side meiner vi at viktige innvendingar som bl.a. vårt parti har hatt, er varetekne. Det handlar om kva som skal vektleggjast i vurderinga av om ein søknad er reell eller ikkje. Ei sånn vurdering skal ikkje omfatte trua eller livssynstilhøyret til elevane eller grunngjevinga frå dei føresette for skulevalet. Ho skal heller ikkje utløyse behov for andre dokumentasjonskrav som krev svar som gjer at elevar og foreldre må leggje fram si eiga tru eller sitt livssyn. Det skal heller ikkje vere relevant å vurdere tilknytinga initiativtakarar, eigarar eller leiing har til det aktuelle livssynet. Dette er viktige føresetnader for Senterpartiet. Når det gjeld å hente inn syn frå eit trus- eller livssynssamfunn, er det openbert at sånne organisasjonar må ha klar geografisk nærleik til området der søkjaren ønskjer å etablere skulen, og ha nødvendig kunnskap om lokalsamfunnet. Dette regelverket må praktiserast slik at det rettar seg mot søknader som bidreg til å vatne ut godkjenningsgrunnlaget, utan at det samstundes fører til at genuine initiativ blir avskorne som ein konsekvens av dette. Slik lova ligg føre no, meiner Senterpartiet at desse omsyna er tekne vare på, og vi kjem difor til å støtte proposisjonen. Til slutt, til kritikken frå Høgre: Det har alltid vore forskjell på Høgre og Senterpartiet i tilnærminga til private skular. Høgre har ønskt ei mykje meir liberal tilnærming til etablering av private skular. Det er politiske forskjellar – «fair enough» – men det bør ikkje overraske Høgre.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat