Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 4. jun 2026

SakInnstilling fra utdannings- og forskningskomiteen om Endringer i opplæringslova og barnehageloven mv. (samleproposisjon) (Innst. 356 L (2025–2026), jf. Prop. 79 L (2025–2026))
Innlegget
Vi handsamar fleire lovendringar i denne saka, og saksordføraren har på ein god måte gjort greie for innhaldet i dei. Eg vil konsentrere meg om å ta opp nokre viktige moment frå Senterpartiet si side i samband med desse endringane. Senterpartiet støttar arbeidet regjeringa gjer for å gjere det enklare å dele informasjon ved skulebytte når det gjeld elevar med valdshistorikk. Vi er opptekne av å sikre både personvern og tausheitsplikta. Samtidig er det viktig at dersom det regelverket står i vegen for naudsynt informasjonsdeling mellom politi, skule, skuleeigar og barnevern i arbeidet med å følgje opp unge som er i risikosona for kriminalitet, då må vi sikre at ikkje lovverket som er tenkt for å sikre personvernet til unge menneske, blir eit hinder for å vareta velferd og tryggleik til dei same ungdomane, medelevane og lærarane deira. Difor ber vi regjeringa gjere meir på det området. Så vil eg seie nokre ord om nokre viktige språkpolitiske merknader. Vi er fornøgde med at regjeringa ikkje går vidare med forslaget om å innføre språknøytralitet som alternativ til fastsetjing av skriftleg hovudmål, og at kravet om å fastsetje skriftleg hovudmål på den enkelte skule blir fjerna. Vidare vil vi frå Senterpartiet si side understreke at eit fleirtal i komiteen peikar på den utfordringa det er at mange læringsressursar ikkje er tilgjengelege på nynorsk, eller at dei er prega av dårlegare kvalitet. Dette svekkjer kvaliteten i opplæringa, og det går særleg ut over nynorskelevane og deira rett til opplæring på eige mål. Vi er glade for at fleirtalet seier tydeleg at det må innførast eit parallellitetskrav for læringsressursar på lik linje med læremiddel, og det er viktig for å sikre nynorskelevane ei likeverdig opplæring. Fleirtalet viser både til skriveprogram og opplæringsmateriell, og eg vil be statsråden ta fleirtalsmerknadene på stort alvor og raskt styrkje arbeidet på dette området. Eg må frå Senterpartiet si side òg bruke noko tid på forslaget om å sikre førstegongsvitnemål for elevar som no går ved Jotunheimen privatskule i Lom. Dette handlar om elevar som mista sitt ordinære vidaregåande skuletilbod midt i opplæringsløpet, då den offentlege skulen blei nedlagt, og samtidig tok det tid før det private skuletilbodet blei godkjent. Sidan sakshandsamingstida for godkjenning av privatskulen tok nær eit år, får ho først verknad frå hausten 2026. Dermed rammar denne lange sakshandsamingstida elevar som fullfører si utdanning ved skulen i år. Dette skjer til tross for at desse elevane har gjennomført opplæring som gjev grunnlag for godkjenning som privat vidaregåande skule, og ho er til samanlikning lik den som andre elevar i vidaregåande skule har delteke i. Vi ønskjer ikkje å leggje opp til noka generell endring i vitnemålsutferding for privatistar. Målet er å bruke sunn fornuft i denne saka og ramme inn ei løysing for å imøtekome dei elevane som no står i fare for ikkje å få førstegongsvitnemål. Vi har utforma forslag på tvers av fleire parti, og der må eg få seie at eg ved ei inkurie ikkje har fått med meg Venstre i dei forslaga, men det håper eg kan varetakast. Dei skal stå inne i dei. Det er òg ei mindre endring i sluttdatoen, der det skal stå: «Loven opphører å gjelde fra 1.10.2026.» Det ville vere bra om det òg kunne justerast i forslaga. Uansett ligg det forslag her no – det ligg føre ei moglegheit for partia i denne salen til å gje si tilslutning og hjelpe ei gruppe med elevar som er lita, men som dette er veldig viktig for. Eg håper i det ytste at dei forslaga får tilslutnad frå eit fleirtal i salen. Til slutt håper vi at regjeringa kan sjå vidare på den utfordringa det er for enkelte ideelle barnehagar å tilpasse seg unntaket frå regelen om at dei skal vere sjølvstendige rettssubjekt. Dette har vi òg framheva i merknadstekst. Vi støttar også justeringane som skal leggje til rette for fjernundervisning på yrkesfaglege utdanningsprogram i område som har låg busetnad og store avstandar. (Innlegg er under arbeid)
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat