Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 4. jun 2026

Erling Sande
Erling Sande
Senterpartiet·Sogn og Fjordane

SakInnstilling fra utdannings- og forskningskomiteen om Endringer i opplæringslova og barnehageloven mv. (samleproposisjon) (Innst. 356 L (2025–2026), jf. Prop. 79 L (2025–2026))

Innlegget

Dette er ikkje fyrste gongen vi diskuterer skuletilbodet i Lom i denne salen. Det har vore ei stor sak. Det har vore ei stor nasjonal sak. Mange i denne salen og mange andre har vore aktørar i dette. Det har vore ueinigheit politisk, og det har vore knytt til prinsipielle diskusjonar, mot både privatskulelova og andre aktuelle saker. Dei som på ein måte ikkje har delteke aktivt i debattane her i denne salen, er elevane – elevane som midt i skuleløpet mista skuletilbodet sitt. Dei offentlege styresmaktene brukte også lang tid på å få dei nødvendige avklaringane slik at ein privatskule kunne etablerast. Spørsmålet til statsråden er: Forstår ikkje statsråden den frustrasjonen desse elevane har for at dei då har kome i denne skvisen, og ikkje er i posisjon til å få eit fyrstegongsvitnemål?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat