Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Replikk · 4. jun 2026

SakInnstilling fra utdannings- og forskningskomiteen om Endringer i opplæringslova og barnehageloven mv. (samleproposisjon) (Innst. 356 L (2025–2026), jf. Prop. 79 L (2025–2026))
Innlegget
I førre replikkveksling hadde statsråden fleire innspel til, eller kritikk av, dei forslaga som no ligg i bordet. Det er likevel ikkje sånn at statsråden og departementet har hatt dårleg tid til å sjå på andre løysingar, for dette oppmodingsvedtaket er noko tilbake i tid. Så eg synest det blir litt feil av statsråden å rette kritikken dit. Eg hadde heller ønskt meg at statsråden endå meir aktivt leita etter løysingar på dette området. Det eg synest er eit paradoks, er at det ikkje er så lenge sidan det blei behandla ei sak i denne salen knytt til alkoholservering under VM, som både var ei sak med tidsavgrensing og der forskjellsbehandling definitivt er eit tema. Då var det regjeringa sjølv som la fram eit lovforslag med desse elementa i, og då var det ikkje noko problem. No er det openbert eit problem når ein har eksempelvis tidsavgrensa lovverk og lovverk som er retta mot ei særeigen problemstilling. Kva er grunnen til det?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat