Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 4. jun 2026

Erling Sande
Erling Sande
Senterpartiet·Sogn og Fjordane

SakInnstilling fra utdannings- og forskningskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Ine Eriksen Søreide, Monica Molvær, Ola Svenneby, Amalie Gunnufsen, Mathias Willassen Hanssen og Mathilde Tybring-Gjedde om å løse realfagskrisen (Innst. 354 S (2025–2026), jf. Dokument 8:239 S (2025–2026))

Innlegget

Det er fleire urovekkjande trekk ved utviklinga innan realfaga. Resultata fell, interessa går ned, og vi kjem til å mangle kompetanse som heile samfunnet treng. Det er avgjerande at det blir teke grep på dette området. For Senterpartiet er det viktig å understreke at løysinga ikkje fyrst og fremst er fleire raske enkelttiltak eller meir detaljstyring frå Stortinget. Innsatsen må vere langsiktig og heilskapleg. Tiltaka må henge i hop frå dei fyrste skuleåra og heilt opp til høgare utdanning og arbeidsliv. Vi meiner nøkkelen ligg i å satse på meir praktisk læring, òg i realfaga. Senterpartiet trur ikkje at meir pugging og stillesitjing nødvendigvis er løysinga, ei heller fleire skuletimar til å gjere skuledagen lenger. Difor er eg glad for at eit breitt fleirtal på Stortinget sluttar seg til Senterpartiet sitt forslag om at eitt element i arbeidet med realfagstrategien som skal vektleggjast tyngre, er meir praktisk, variert og relevant læring i realfaga gjennom heile utdanningsløpet. Når elevar får arbeide praktisk – utforske, byggje, teste og erfare – aukar motivasjonen. Når undervisninga blir meir relevant for kvardagen til elevane eller lokalsamfunna deira, blir læringa styrkja. Og når fleire elevar opplever meistring tidleg, legg det grunnlaget for at fleire vil velje realfag seinare. Dette er heilt i tråd med det som er skulepolitikken til Senterpartiet, iallfall: mindre einsidig teorifokus, meir praktisk læring og ein skule som gjev læringslyst til praktikarane òg. Dette heng òg i hop med dei konkrete forslaga Senterpartiet støttar i innstillinga. Vi er med på å styrkje arenaer som gjer realfaga levande, som Newton-rom, Ungt Entreprenørskap og First Lego League. Vi vil sjå på korleis Newton-rom kan byggjast ut i fleire kommunar. Vi vil støtte opp under ei satsing på alternative opptaksvegar til STEM-faga, og vi vil etablere fleire bransjeprogram som styrkjer den realfaglege kompetansen til arbeidstakarane. Alt dette er tiltak som bidreg til å styrkje realfaga gjennom meir aktivitet og meir praktisk læring. No er det viktig at regjeringa følgjer opp, både dei mange gode forslaga som ligg i denne innstillinga, og andre forslag, sånn at vi raskt kjem i gang med å styrkje realfaga og sikre kompetansebehovet i samfunnet.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat