Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 4. jun 2026

Frank Edvard Sve
Frank Edvard Sve
Fremskrittspartiet·Møre og Romsdal

SakInnstilling fra utdannings- og forskningskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Ine Eriksen Søreide, Monica Molvær, Ola Svenneby, Amalie Gunnufsen, Mathias Willassen Hanssen og Mathilde Tybring-Gjedde om å løse realfagskrisen (Innst. 354 S (2025–2026), jf. Dokument 8:239 S (2025–2026))

Innlegget

Eg klarte ikkje å halde meg, eg måtte kaste meg inn i ein debatt som ikkje akkurat er det som engasjerer meg mest her i Stortinget – eg som kjem frå transport. Men eg kjem også frå næringsfylket Møre og Romsdal, som er eit av dei desidert største eksportfylka i landet. Eg er ein som har sete i kommunepolitikken i snart 30 år, og i 24 år i fylkestinget – eg sit framleis der. Dei store utfordringane for både kommunar og fylke når det gjeld oppgåvene dei har, er skule, eldreomsorg og helse. Skule er eit kjempeviktig område. For eksempel er skulepolitikken og vidaregåande skule noko av det aller viktigaste i fylka. Ei av dei store utfordringane som er uansett, er økonomi. Det er så mykje greinlause pålegg frå regjeringa, f.eks. klima- og miljøtiltak, til kommunane og fylka – rapportering og pålegg som gjer at fylka og kommunane må bruke pengane sine på ein masse ting som er totalt unødvendig, noko som rammar dei store områda som skule, helse og eldreomsorg. For eksempel har vi i Møre og Romsdal – gjennom eit fleirtal der med FrP, Høgre, KrF og Venstre – verna dei vidaregåande skulane. Vi har satsa på skule og auka for skule. Det går ut over ganske mange andre sektorar. Det er det same med kommunane. Skal vi klare å ha gode skular i kommunane og satse både på realfag og på dei linjene som vi ønskjer for å få ei næringsutvikling, få ei utvikling av ungdomane våre og få ungane våre til å satse på viktige studium for å bakke næringslivet vårt, må vi prioritere. Det går hardt ut over andre ting fordi økonomien er kjempepressa i kommunane og ikkje minst i fylka. Noko av det aller beste ein kunne gjort frå denne salen og frå regjeringa, er å kutte ned på alle desse klima- og miljøkrava som rammar brutalt i kommunar og fylke. Eg tør ikkje å nemne berre nullutsleppskrava på ferje, buss, bil og båt – alt mogleg, skulle eg til å seie. Det er så mange hundrevis av millionar vi må bruke på desse greiene, og det går ut over ungdomen vår og ungane våre. Vi kunne i staden brukt dei pengane på skule og andre viktige sektorar. Her dreier det seg om å gjere ting enklare. Den opplevinga vi som sit i alle forvaltningsnivå, har, er at vi ser kor vanskeleg det er å drive kommunane, å få nok lærarar, nok personell inn til skulane våre i kommunane, og ikkje minst i fylka, og å kunne satse på yrkesretta linjer. Då må vi ha pengar til å gjere det, til å kunne ha ei endå større satsing, men det er ikkje nok pengar til å gjere det. Vi må ha vekk desse greinlause klima- og miljøpålegga og alle andre greinlause pålegg, så vert dette bra, men då må det kanskje til ei ny regjering – eller ikkje berre kanskje, det må til ei ny regjering.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat