Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 4. jun 2026

Frank Edvard Sve
Frank Edvard Sve
Fremskrittspartiet·Møre og Romsdal

SakInnstilling fra næringskomiteen om Endringer i viltressursloven (endring av krav om merking av feller og bruk av drone ved ettersøk av storvilt med jakttid) (Innst. 343 L (2025–2026), jf. Prop. 64 L (2025–2026))

Innlegget

Viltforvaltinga og viltlova er tydeleg på at det skal utøvast jakt og fangst på ein sånn måte at det ikkje påfører dyra og omgivnadene unødvendig liding. Eg har jakta store delar av mitt liv, sikkert altfor lenge, men det er ikkje tvil om at å bruke termisk siktemiddel gjer at ein får ei tryggare jakt, ein får betre avskyting. Det er på viltarter som er kvotestyrte, så det er ikkje snakk om å utrydde nokon hjortebestand. Det er kvotestyrt i alle kommunar, og det er kommunane sjølve som fastset dette, etter grundige vurderingar. Her er det snakk om å få ei betre og tryggare jaktutøving. Det er betydeleg mindre ettersøk, bekrefta av kommunane. Det imøtekjem viltlova på ein heilt suveren måte. Det må leggjast til grunn i forskrifta, og ein må ha det i bakhovudet. Det er faktisk fornuftig å bruke hovudet også i byråkratiet når ein lagar sånne forskrifter, og det håpar eg ein gjer i den samanhengen.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat