Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 4. jun 2026

SakInnstilling fra næringskomiteen om Endringer i viltressursloven (endring av krav om merking av feller og bruk av drone ved ettersøk av storvilt med jakttid) (Innst. 343 L (2025–2026), jf. Prop. 64 L (2025–2026))
Innlegget
Eg må seie at eg vert direkte avskipla når eg høyrer frå talarstolen, spesielt frå MDG, om korleis det fungerer på ettersøk og felle og fangst, men eg kan ta ettersøk fyrst. Eg har to godkjende svarte elghundar. Eg har vore godkjend som ettersøksekvipasje i fleire tiår. Eg veit kva som skjer når det gjeld ettersøk, og kva som er grunnlag for det. Det å seie ein ikkje skal skyte på dyr som er i bevegelse, det går ikkje! Hjorten står ikkje stille eitt sekund. Den som kan vise meg det! Då må ein bitte fast føtene på hjorten for å skyte han, for han er i bevegelse heile tida. Det er umogleg å føresjå korleis hjorten bevegar seg. Det er noko med å setje seg inn i korleis jakta fungerer. Om ein no seier at ein ikkje skal gjere alt ein kan for å få teke dei dyra og avlive dei som har blitt skadeskotne, då er ein i realiteten imot dyrevelferda. Vi som er ettersøksekvipasje, gjer alt vi kan for å hindre liding for dyr som er vorte skadeskote av forskjellige grunnar. Det kan vere så enkelt som at ein skyt med eit strå 10 meter framføre løpet, så ein umogleg klarer å sjå i skogen. Det betyr at kula skiftar retning, og ein får eit skadeskot. Det kan vere mange grunnar til ei skadeskyting, som at dyret i det augeblikket ein trykkjer av, vrir seg lite grann og ein får ein heilt annan skotvinkel og dermed skadeskyting. Med termiske kikkertsikte kan eg no be om å få sjå videoen på siktet med ein gong etterpå, når det kjem på plass. Eg kan sjå i videoen korleis skotet gjekk og kvar det trefte. Då veit eg faktiske kva mine hundar skal sjå etter. Representantane må setje seg inn i korleis det fungerer. Når det gjelde fangst og feller – eg har vore fangstmann i store deler av mitt liv, sikkert altfor lenge også, frå eg var bitte liten nesten, men det var sånn før i tida at vi vart jaga ut i skogen for å ta vare på dei ressursane som måtte finnast – vil eg påstå, som aktiv jeger på storvilt og småvilt og som fangstmann i så mange år, at det er nesten ingenting som er meir humant enn fellefangst. Dyra vert drepe direkte. Det er inga liding i fellefangst når ein gjer det på ein skikkeleg måte. Det å merke fellene er heilt ok. Eg har ingen problem med å merke mine feller og gjere det på ein skikkeleg måte. Når det gjeld termiske kikkertsikte og bruk av det, har vi lenge vore inn på det, men eg kunne gjerne tenkt meg å få svar frå statsråden på når den forskrifta kan tre i kraft. Det er veldig mange jegerar som lurer på når ein kan forvente at den forskrifta kjem. Kjem ho i god tid før jakta? Korleis vil dette verte lagt opp? Det er det veldig, veldig mange som lurer på.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat