Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 4. jun 2026

SakInnstilling fra næringskomiteen om Endringer i viltressursloven (endring av krav om merking av feller og bruk av drone ved ettersøk av storvilt med jakttid) (Innst. 343 L (2025–2026), jf. Prop. 64 L (2025–2026))
Innlegget
Eg vil starta med å slutta meg til det meste av innlegget til saksordføraren. Når det gjeld spørsmålet om termisk kikkertsikte til hjortejakt, var jo dette eit tema som var oppe ved behandlinga av viltloven. Der ønskte ein å kunna fortsetja denne praksisen. Så har regjeringa si løysing på dette vore å gå for ei kommunal løysing der kvar kommune skal gjera ei vurdering av dette, og det vert peika på Bernkonvensjonen. Eg har òg respekt for Bernkonvensjonen, men eg opplever veldig ofte at når regjeringa skal uttala seg om den, er dette ein konvensjon som er hogd i stein. Dette er jo ein konvensjon som har ein innebygd fleksibilitet og eit grunnlag for å kunne tolkast. Eg har vore med fleire gonger gjennom dei åra eg har halde på med politikk, at ein har hevda at ting er i strid med Bernkonvensjonen, men der domstolane seinare har sagt at dette er innanfor Bernkonvensjonen. Så me er òg opptekne av å bruka det handlingsrommet som ligg der. Til det andre forslaget, forslag nr. 2, som gjeld skadefelling av rovdyr: Der er det viktig at når det er snakk om skadefelling, stiller det litt andre krav til kva som kan vera tillatne verkemiddel i jakta. Heilt til slutt har eg lyst til å ta opp ei problemstilling som har kome opp for oss i behandlinga av denne saka, som ligg litt på sida, men som likevel er veldig relevant inn i viltloven. Det gjeld den nye definisjonen av kva som er «vilt», for den vart jo endra i loven. I bestemminga er det òg eit forbod mot å halda ville dyr i fangenskap. Eg trur dei aller fleste forstandige personar forstår at det er fordi du ikkje skal kunna fanga ein rev og ta den til kjæledyr – det er forbode. Og denne loven regulerer jakt og fangst. Det tenkjer eg òg dei fleste vil leggja til grunn, at det er det. Men sånn er det ikkje i Miljødirektoratet. Der har dei funne ut at når det er ein ny definisjon av kva som er «vilt», og det òg omfattar utanlandsk vilt, så er det jo mange av dei dyra vi i dag har i fangenskap, som dermed vil verta ulovlege. I plassen for å la denne saka liggja og seia at denne lova handlar om jakt og fangst, ikkje primært om hald av dyr, har ein altså sendt ut ei forskrift, som er til høyring no, som seier at utanlandske dyr som lever vilt i utlandet, skal få lov til å leve ut si levetid – og så er det slutt. Det var aldri Stortingets intensjon å endra loven på dette punktet, og det vil eg berre understreka i innlegget mitt.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat