Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Replikk · 4. jun 2026

SakInnstilling fra næringskomiteen om Endringer i viltressursloven (endring av krav om merking av feller og bruk av drone ved ettersøk av storvilt med jakttid) (Innst. 343 L (2025–2026), jf. Prop. 64 L (2025–2026))
Innlegget
No tenkjer eg at representanten Sve har stilt tilstrekkeleg med spørsmål om hjortejakt, så eg skal ikkje gjera det same. Eg vil spørja litt om denne måten Miljødirektoratet brukar viltlova på. Her har me eit tilfelle der ein type dyrehald vert ulovleg i Noreg. Dette er altså eit tema som ikkje ligg i departementet sitt høyringsutkast til viltlova, det ligg ikkje i viltlova, det er ikkje spor av det i Stortingets behandling, og det er heilt openbert at viltressurslova handlar om jakt og fangst. Likevel brukar Miljødirektoratet dette for å innføre ein veldig ny praksis mot hald av dyr som òg lever vilt i utlandet. Er dette eit oppdrag Miljødirektoratet gjer på vegner av Landbruksdepartementet eller regjeringa etter ei bestilling, eller er det noko dei har funne på sjølv?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat