Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Replikk · 4. jun 2026

SakInnstilling fra næringskomiteen om Endringer i viltressursloven (endring av krav om merking av feller og bruk av drone ved ettersøk av storvilt med jakttid) (Innst. 343 L (2025–2026), jf. Prop. 64 L (2025–2026))
Innlegget
Eg synest det er veldig rart at me får ein ny politikk som følgje av eit tema som ikkje har vore tema då politikken vart fastsett. Eg meiner Miljødirektoratet kunne sagt at denne lova ikkje primært regulerer dette, og at dagens rettstilstand får fortsetja her, men det er no ikkje alt eg forstår. Basert på den høyringa som er ute no, og at denne lista over kva som er tillate, ikkje er utvida: Viss ein har to emuar som kjem i lukkelege omstende, endar opp med å få egg, og egga vert klekte, og det står at det ikkje er lov til å halda avkom som er fødd etter at lova er tredd i kraft – kva skal folk gjera i ein sånn situasjon fram til lista er utvida? Skal dei sleppa denne emuen ut i naturen eller skal dei slå den i hel?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat