Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 4. jun 2026

SakInnstilling fra næringskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentant Geir Pollestad om fleksibel innføring av ny gjødselforskrift og Representantforslag fra stortingsrepresentantene Tor André Johnsen, Rune Midtun, Pål Morten Borgli, Morten Kolbjørnsen, Bjørnar Laabak, May Helen Hetland Ervik og Kristoffer Sivertsen om gjødselbrukforskriften (Innst. 427 S (2025–2026), jf. Dokument 8:195 S (2025–2026) og Dokument 8:224 S (2025–2026))
Innlegget
Det har vore arbeidd med ei ny gjødselforskrift i snart 20 år, og meir bevisste reglar for gjødsling har gjeve store resultat. Avrenning er redusert, mange vassdrag har ein betre kvalitet, og gjødsel har gått frå å vera eit problem til å verta ein ressurs. Det er veldig bra. På dei 20 åra det har vore jobba med gjødselforskrifta, har det vore nære på at ho hadde vorte fastsett på måtar som ville hatt svært dramatisk verknad for norsk matproduksjon. Bakgrunnen for det var anbefalinga frå Miljødirektoratet om nye grenseverdiar, som ville ha gått kraftig ut over moglegheita Noreg hadde hatt til å produsera mat. Eg skal ikkje klaga på forskrifta, for eg var statsråd då ho vart fastsett. Før ho vart fastsett, var det dialog med Framstegspartiet, Høgre og dei andre partia på Stortinget. Synest dei ikkje at det er rett at me no konkluderer denne saka på ein rimeleg anstendig måte og eit godt stykke unna det som Miljødirektoratet anbefalte? Det var veldig godt å kjenna at så mange parti meinte at det no var på tide med ein konklusjon. Eg vil gje ros til statsråden for svarbrevet, som eg meiner var veldig konstruktivt når det gjeld dei problema som Senterpartiet tok opp i sitt forslag, og når det gjeld spørsmålet om det er nokon absolutte grenser og moglegheita for alternativt og bruke balansegjødsling, altså at ein tilfører like mykje fosfor som ein hentar ut. Det kan ein ikkje ha eit svært rekneskap på. Det var ei svakheit med forskrifta. Eg er veldig glad for at det no vert endra. Så er eg oppteken av at det vert gjort på ein måte som er enkel og grei for bønder rundt omkring i landet å nytta seg av. Det har kome ei ny utgreiing, eit initiativ, frå Landbruksdirektoratet nå. Det meiner eg er eit stort steg i rett retning, og så trur eg ein må sjå om ein kan gjera det endå enklare enn dette, sånn at den enkelte bonde faktisk kan bruka dette som eit reelt alternativ til dei absolutte grensene. Det er jo ikkje eit mål at matproduksjonen i Noreg skal gå ned som følgje av dette. Eg vil eg ta opp ei problemstilling som har kome opp. Det gjeld dei områda av landet som har veldig fosforfattig jord, der ein faktisk har behov for å tilføra meir enn ein hentar ut. Eg vil anbefala statsråden å vera bevisst òg på den problemstillinga og å finna fleksible løysingar på det. Når me kjem til hausten vil me jo sjå om statsråden har løyst dette på ein god måte, som gjer at me kan nikka her på Stortinget.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat