Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Replikk · 4. jun 2026

SakInnstilling fra næringskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentant Geir Pollestad om fleksibel innføring av ny gjødselforskrift og Representantforslag fra stortingsrepresentantene Tor André Johnsen, Rune Midtun, Pål Morten Borgli, Morten Kolbjørnsen, Bjørnar Laabak, May Helen Hetland Ervik og Kristoffer Sivertsen om gjødselbrukforskriften (Innst. 427 S (2025–2026), jf. Dokument 8:195 S (2025–2026) og Dokument 8:224 S (2025–2026))
Innlegget
Eg trur eg kan bidra litt til å avklara kva ein meiner med «en enhetlig nasjonal praksis». Heile denne forskrifta er jo bygd opp på at landet er forskjellig, at det er ulike krav osv. Når ein er oppteken av ein fleksibel praktisering, skal det handla om at det er forskjellar på klima, geografi, jord – ikkje at det er forskjell på tilsette hos f.eks. statsforvaltaren eller i kommunane. Det trur eg er viktig å leggja til grunn. Sidan dette er ein replikk, har eg ikkje eit spørsmål, men eg vil berre oppfordra landbruksministeren til å følgja saka tett, med sikte på å få gjennomført, få sett i gang, ei ordning som skal gjelda langt fram i tid, og som ein trass alt har halde på å planleggja og jobba med sidan 2008.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat